Vinner av bordtennisturneringa 2005

Idag vant eg den prestisjetunge juleturneringa i bordtennis på skulen, og kunne rusle heim med ein ultraslim playstation 2 under armen. Etter ein relativ lett vei fram til semifinalen, skulle eg nå møte mykje hardare motstand. På andre side av nettet stod Adnan med sjølvtillit som aldri før. Han gjekk rett opp i leiinga, og før eg kom til hektene leda han 6-2. Klatra meg sakte, men sikkert innpå og klarte å snu det heile til 11-9 i min favør. Andre settet var jamnt heile tida, men drog det iland med seier 11-8.
Etter å ha bivåna ein særs jamn og velspelt semifinale mellom Kristian og Kurt, må eg sei nervene begynte å trenga seg på. Kurt vant 16-14 i tie-break over Kristian, og det var nå klart for finale mellom meg og Kurt. Her la eg ingenting i mellom og styrte kampen frå start til mål. Med full fokus på det sportsliga vant eg komfortabelt 2-0 (11-3, 11-3).
Førstepremien som var ein slik liten playstation 2 med heile 3 spel kom som ein verkeleg positiv overraskelse. Følgande spel fulgte med: SSX 3, Burnout Revenge og FIFA Football 2005. Det spelet eg egentlig har mest lyst på, Buzz, kan ein vinne på kveldens quiz på kroa. Om eg rekk det, skal eg prøve å kome meg ned fortast mulig etter trening ikveld.
Takk for ei underhaldande og kjekk turnering. :-)
21 kommentarer to “Vinner av bordtennisturneringa 2005”
Svennis skreiv: - 12/08/2005
Grattis! ;D fare førr prosjektet nu som du har fått ps2? blir vel settanes dagen lang å game ;D
Ole Martin skreiv: - 12/08/2005
Hehe, det skal nok gå bra skal du sjå. Har enda ikkje pakka den opp av eska. Skal du kjøpe? Må vel kanskje ha den sjølv, når den var så liten og nett. :)
Helge skreiv: - 12/08/2005
Du e stor.
Anonym lost-fan skreiv: - 12/08/2005
hohoho.
heia Start!
yalla skreiv: - 12/08/2005
igår fant eg ein ps1 i skapet, xbox er det fra før og nå ein ps2.. kor skal dette ende?
Det er pingpong-bord på kløv.. Me må rigge ei turnering i julå! innom xxl og kjøpe med oss køller og baller før me reise til Sand :-)
lude skreiv: - 12/08/2005
Har no Buzz, men bare testa 1 spillar modus.. var ikkje overbevisende. Håper fleir spillar moduset klarer å redde æra.
Nina skreiv: - 12/08/2005
flinke du e:) vinne aldri eg..uhu:)
Ole Martin skreiv: - 12/08/2005
hotel-ecco-lima-lima har lagt alt til rette for ei storveis bordtennisturnering i jula. han gler seg.
Valli skreiv: - 12/08/2005
Du overraske stadig:)Stilig!
magnhild skreiv: - 12/08/2005
eg vant julekalender-gaven på jobb idag eg…hihi…
Ole Martin skreiv: - 12/09/2005
Klatra ikkje heilt opp i Buzz-konkurransen på kroa igår. Men fekk meg ein minde julemix, og den var god! :)
Helge skreiv: - 12/09/2005
Er bordtennisturnergina på sand åpen for utenbygdsbordtennisspelandepersonar?
(eg vil argumentera litt for orddeling i dette tilfellet.)
Helge skreiv: - 12/09/2005
(som gamal orddelar)
Ole Martin skreiv: - 12/09/2005
utanbygdsbordtennisspelandepersonar må først gjennom ein hard fludiumstest, før dei evt. kan skritte over gjerdet
Helge skreiv: - 12/09/2005
Etter ein slik fludiumstest skal ein ikkje sjå bort ifrå at å skritta over gjerdet blir for kjedelig. Jamfør:
http://omhelland.com/albums/Festligheter/Ungkarsfestivalen_2004/ungkarsIM000927.jpg
Ole Martin skreiv: - 12/09/2005
ja :) har ein dei rette augo med seg, kan dette sjå særs lyst ut.
Harpa Þöll skreiv: - 12/12/2005
Grattis!:o) flinke pojken…
FiDo skreiv: - 12/12/2005
@Yalla:
“Det er pingpong-bord på kløv.. Me må rigge ei turnering i julå!”
Me må få til fast turnering i 2 egt. hos meg da.. det hadde vært noe!!! :)
yalla skreiv: - 12/12/2005
ja det må jo fikses.. men det får bli etter jul :-)
FiDo skreiv: - 12/13/2005
Jau, det må bli en god stund etter jul faktisk :)
omhelland.com - Ole Martin Helland skreiv: - 02/28/2006
[...] som stod (menmen)) to-tre spørsmål eg fekk på telefonen. PS: Nokon som vil kjøpe ny Playstation 2 og XBOX 360? Ingen kommentarer & [...]
Legg igjen ein kommentar