Toball

Lagt til 19.03.2010. Arkivert under: Volleyball

Toball er ein heilt genial oppvarmingsøvelse. Det foregår slik at to lag spelar mot kvarandre med to ballar. Du server på likt, og må vinne begge ballane for å få poeng. I tillegg finns det ein herlig uskreven regel som gjer at du har lov til litt fleire kreative slag enn i vanlig volleyball.

Det er liten tvil om at det er toball som er nøkkelen til suksess i volleyball. Alle bør spele toball. Helst særs ofte, og særs lenge. Under ser du resultatet av litt testfilming med Flipen av toballen under gårsdagens trening. Du kan sjå filmen i litt bedre kvalitet på Vimeo.

Volleyball

Lagt til 02.02.2010. Arkivert under: Volleyball

Volleyball. Det var volleyball som fekk flest stemmer i undersøkelsen min om kva eg skulle skrive om. Derfor tar eg her ansvar og skriv eit innlegg om nettopp volleyball. Idretten som opptar mykje av fritida mi har ikkje fått all verdens med spalteplass her i det siste. Eg ser tilbake på blogginnlegg frå eit par-tre-fire år sidan og ser at eg nokså hyppig la ut oppdateringar på kva som skjedde i ymse idrettshallar rundt omkring. Kva har skjedd? Eg byrjar vel å bli gammal. Eg er tross alt kun ètt år yngre enn bestefar.

Eg har denne sesongen hatt gleden av å spele på norges beste volleyballag. Eg er utrulig imponert over bredden i Nyborg. Ein kan så og sei bytte ut heile førsteoppstillinga uten å bli nevneverdig svekka. Det er svært sjeldent i norsk volleyball. Lag er som oftest avhengig av èin eller to nøkkelspelerar.

Den 9. januar i år tok eg mitt første NM-gull for senior. Det var etter å ha vunne cupfinalen 3-0 mot gamle lagkameratar i eit flott arrangement i Randaberghallen. Når det gjeld NM-gull for junior, heng dei litt lausare. Dei kom overraskande tett i gamle dagar. I perioden 1999 – 2003 fekk eg med meg seks NM-gull. Om eg ikkje hugser heilt feil, kunne det med litt marginer på vår side fort blitt eit par til.

For ei god tid tilbake fekk eg ei  flott bok av ein særs likandes kar. Mykje av boka handla om å lage lister. Derfor mimrar eg tilbake, og lager ei liste over NM-gulla mine:

  • 1999: NM Kretslag 17 år
  • 2000: NM Junior 17 år
  • 2000: NM Kretslag 17 år
  • 2001: NM for VGS
  • 2002: NM Kretslag 18 år
  • 2003: NM Beach u20
  • 2010: NM Senior

Med årets gull fra 2010, kan eg nå “skryte” på meg å ha NM-gull frå tre forskjellige tiår. Litt usikker på om det er stilig, men uansett.

I etterkant av cupfinalen kom det et meget hyggelig besøk på døra i Bergen. Det var rett og slett ein blomstermann med ein stor og flott blomsterbukett. Dei var sendt fra Suldal Kommune v/ Torkel Myklebust. Takk Torkel!

Ellers er det nå 8 kampar igjen i serien. Der har me has på seriegullet, men det skal ikkje meir enn eit lite feilskjær før Førde er à poeng eller forbi. Så her er det viktig å holde kvaliteten oppe heilt til siste slutt!

Første heimekamp

Lagt til 11.10.2009. Arkivert under: Volleyball

Her er ein liten videosnutt fra seriekampen mellom Nyborg og Randaberg. Nyborg vant kampen 3-1. Helene var flink fotograf og fekk tatt et par videoklipp med digitalkamera sitt. Det er ikkje akkurat høgdefinisjonsfilm, men uansett så er det alltid bra med litt videosnuttar. Me står nå med full pott etter fire kampar. Men heile 16 kampar gjenstår, så her har alle mulighet.

Fekk nok av pendling

Lagt til 31.08.2009. Arkivert under: Volleyball

RIL LogoEg fortsatte å spele for Randaberg då eg flytta til Bergen sist haust. Det gjekk både opp og ned, men med tanke på vonde knær og evig mange reisetimar, har eg nå bestemt meg. Eg skal ikkje spele for Randaberg i år. Litt trist, men slik er det ein gong i blant. Etter seks sesongar i Randaberg-drakta (2 bronse og 1 sølv) skal det bli rart å ikkje møte opp i Randaberg-hallen til heimekamp.

Kva skjer nå? Sei det. Eg skal fortsette å spele volleyball. Snart sprettes volleyballsesongen i gang igjen, og då får ein sjå kva drakt eg har på meg.

Mosvangen Open

Lagt til 09.08.2009. Arkivert under: Volleyball

Eg meldte meg sjølv heilt uanmeldt som presseansvarlig under den årlige Mosvangen Open. Kunne ikkje spele sjølv, då eg var opptatt på lørdagen, men var innom å myste litt på morningen og ettermiddagen. Det resulterte i litt knipsing med mobilen. Har satt sammen et par videoklipp til ein liten film. Med både sol, lyn, torden og regn fekk dei sju oppmøtte laga oppleve vestlandsværet godt på kroppen. Men spelarane klaga ikkje, og det såg ut som alle hadde det riktig så bra. Ei flott lita turnering.

Beachsesongen er i gang

Lagt til 24.04.2009. Arkivert under: Generelt Volleyball


Fint når du kan begynne beachsesongen allerede i april. Har vore fint vær den siste veka, og det ga åpning for litt leking på banane ved Skansemyren. Det blei litt kaldt ut på kvisten, då banane ligger særs mange meter over havet. På bildet ser du den eine av to banar der oppe.

Så får me alle håpe på ei vindstille framtid.