10 gode spenningsseriar

Lagt til 14.10.2009. Arkivert under: Film/TV

Me blar opp på den fjortende oktober i almanakken og kan registrere at julebrusen er for lengst kome i butikken. Vinterdekka er på plass, og dei lange lyse kveldane på terassen er historie. Då kan det vera fint å ha ein eller anna tv-serie å følge med på. Ein serie er så mykje meir praktisk enn ein film. Filmane varer så lenge. Du orker aldri å starte på ein film, for du sovner jo halveis uansett. Førti til femti minutt er perfekt!

Her kjem ei slags topp 10-liste over mine favoritt spenningsseriar. Eller seriar som for det meste går under samlekategorien drama, sci-fi, thriller, komedie, skrekk og mystikk. Følte eg måtte velge spenningsseriar. Hadde vore litt flaut med 7th heaven og Sunset beach på lista. Dei desperate fruene klarte eg heller ikkje å få med under kategorikravet mitt. Kva er dine favorittseriar?

Les heile artikkelen »

True blood

Lagt til 09.09.2009. Arkivert under: Film/TV

True Blood
Bill Compton og Sookie Stackhouse. Bill drikker “Tru Blood”, ein drikk som skal erstatte menneskeblod.

Prison break, Lost, Surface, John Doe, Vanished og Kyle XY er alle seriar eg har vore rimelig hekta på. Nå har eg oppdaga ein ny, True blood. Serien er basert på bokserien The Southern Vampire Mysteries av Charlaine Harris.

True blood handler om samhandlinga mellom menneske og vampyr. Handlinga finner sted i Bon Temps i Louisiana, der du møter hovedpersonen Sookie Stackhouse. Sookie har telepatiske evner og forelsker seg i vampyren Bill Compton. Det heile hørres rimelig skrudd ut. Og ja, eg var nokså skeptisk i starten. Men etterkvart blir serien bare meir og meir mystisk. Herlig mystisk. Dessuten er det ein del heilt fantastiske svenske dialogar, samt ein finfin sær intro.