Den siste veka har avisene stort sett skrive om snøkaoset som kom i dag. Dei varsla opp mot 50 cm og trafikkaos. Det kom mykje snø. Kanskje ikkje 50 cm, men iallfall ein god del. Nok til å skape trafikkaos.
Sidan eg hadde et par ærend eg måtte springa, valgte eg å ta fram et par slicks til turen min. Eg har jo flytta litt nærmare sivilisasjonen, så det burde ikkje by på enorme problem
Vis større kart
Her ser du ruta eg gjekk i dag. Trykk på kameralogoane for å sjå bildene eg tok på turen. I følge gps-informasjonen gjekk eg 5210 meter fordelt på 4033 skritt. Då med påfølgande like mange glipptak. Eg brant 331 kalorier og hadde ein gjennomsnittfart på 5,49 km/t. Ikkje værst.
Når det gjeld det nevnte fottøyet, er det muleg eg kjøpte dei i den tru at eg måtte ha noko å vekse i. For dei er litt store. Uansett. Det endte i et par meget kurante gnagsår. Men eg fekk tross alt handla klementiner.
I kveld blir det heimelaga pinnekjøt. Det blei utruleg mykje pinnekjøt før julafta i år. Er det bra?
Under er bildene frå dagens tur ramsa opp på “normal” måte. Slik at det er litt enklare om ein bare skal surfe gjennom dei.