I helga gjekk den årlige Vestcup-turneringa av stabelen i Stavanger idrettshall. I eliteklassen for herrer var det i år fem lag med – Nyborg, Randaberg, Førde, Norge +40 og Norge U19.
Med fem lag med, blei det gjennomført eit gruppespel der alle spelte mot alle. Èineren og toeren i gruppa spelte til slutt finale. Etter å ha vunne fire kampar med solide siffer, var me klare for finalen. Det såg lenge ut til at det blei mot Førde, men då Førde tapte for både U19 og Norge +40, blei det til slutt Randaberg.
Etter ein dominerande siger mot Randaberg i gruppespelet, må det vel seias at me var store favorittar til å dra i land sigeren i finalen. Men Randaberg hadde verkeleg fått sving på sakene, og spelt inn ein solid første-sjuer. Med eit heilt eksepsjonelt mottaksspel av Audun og Gøran, blei det vanskelig å ta dei viktige ekstrapoenga. Randaberg vant til slutt 3-2.
Du kjenner godt det å spele fem kampar på to dagar, og ein merka at litt av konsentrasjonen og “futten” var borte under finalen.
Sjekk vestcup.com for fullstendige resultat.

Eg fortsatte å spele for Randaberg då eg flytta til Bergen sist haust. Det gjekk både opp og ned, men med tanke på vonde knær og evig mange reisetimar, har eg nå bestemt meg. Eg skal ikkje spele for Randaberg i år. Litt trist, men slik er det ein gong i blant. Etter seks sesongar i Randaberg-drakta (2 bronse og 1 sølv) skal det bli rart å ikkje møte opp i Randaberg-hallen til heimekamp.
Så fort det går i orden med jobb, vil eg i den næraste framtid flytte til Bergen. Det var då ein periode aktuelt å spele for andre klubbar enn Randaberg. Men etter ei god stund i tenkeboksen, valgte eg ein ny sesong i randabergdrakta. Ein stor motivasjonsfaktor er at klubben har henta inn ikkje mindre enn tre utanlandske spelarar.





