Eg har alltid vore relativt interessert i å ha ei god ordning for å spele av film og musikk. I dag finns det et hav av muligheter for korleis ein kan ordne det. Nå vil eg presentera den løysinga me har i leiligheten vår. Eg deler det opp i to forskjellige avsnitt. Eit om film, og eit om musikk.
Etter kvart som nytt teknologisk stæsj kjem inn i heimen, kjem også nye fjernkontrollar. Eit veldig vanlig scenario når ein skal sjå på tv er: du brukar forsterkar-kontrollen for å skifte volum, tuner-kontrollen for å byte kanal og tv-kontrollen for å byte source og evt. andre snedige ting.
Med Logitech sine multifunksjonskontrollar kan alt dette gjerast på èin fjernkontroll. Det er rett og slett magisk. Logitech er den mest kjende produsenten av slike kontrollar. Det er også den beste. Jubelen var derfor stor då eg fant ein slik under juletreet i fjor.
Alle testar og artiklar om Logitech sine fjernkontrollar handlar om kor geniale dei er, men samtidig om kor stress det er å sette dei opp. Er det slik at det tar timevis, ja – kanskje dagevis å sette opp ei Harmony-kontroll?
Har du litt kreative tyske jalla-merker, kan det kanskje by på problem. Men det er likevel ikkje stress. Eg måtte styre litt for å stille inn fjernkontrollen min optimalt mot mitt HANNspree-tv. Men har du i det heile tatt vurdert å kjøpe ein slik fjernkontroll. Då klarer du fint å sette den opp også. I 97 av 100 tilfelle vil eg tru at sjølve programmeringa og oppsettet av fjernkontrollen går som ein leik.
Min fjernkontroll er nå satt opp mot HANNspree tv, Samsung heimekinoanlegg, Canal Digital-tuner og Mac Mini som kjører Plex.
Eg har ein Logitech Harmony 555. Den ser fin ut, samtidig som den er god å holde i. Einaste eg kan setje fingen på, er at det lager litt lyd når du trykker på nokon av knappane. Det er bagateller. Løp og kjøp!
Logitech Harmony anbefales på det sterkaste. 9/10 poeng! Under ser du eit par bilde av fjernkontrollen og programvaren som følger med.
Har i det siste lekt litt med tankten om å få tv-kanalane inn på min Mac Mini, som eg bruker til mediasenter. Det å kunne lett bytte over til ein tv-kanal uten å gå gjennom “alt stresset” med å bytte source på TVen osv, det hadde vært både praktisk og stilig. Men etter at de digitale signala har tatt over, er det ikkje lenger bare å kjøpe et tv-kort, for så å stappe inn den analoge antenna. Samtidig som Elgato, den mest kjente tuner-produsenten til Mac, ikkje leverer DVB-C-mottakar, blir det plutselig enda litt meir stress. Etter ein del research har eg kome fram til følgande forslag:














