Ein gåtur i snødrevet

Lagt til 19.12.2009. Arkivert under: Generelt

Den siste veka har avisene stort sett skrive om snøkaoset som kom i dag. Dei varsla opp mot 50 cm og trafikkaos. Det kom mykje snø. Kanskje ikkje 50 cm, men iallfall ein god del. Nok til å skape trafikkaos.

Sidan eg hadde et par ærend eg måtte springa, valgte eg å ta fram et par slicks til turen min. Eg har jo flytta litt nærmare sivilisasjonen, så det burde ikkje by på enorme problem


Vis større kart

Her ser du ruta eg gjekk i dag. Trykk på kameralogoane for å sjå bildene eg tok på turen. I følge gps-informasjonen gjekk eg 5210 meter fordelt på 4033 skritt. Då med påfølgande like mange glipptak. Eg brant 331 kalorier og hadde ein gjennomsnittfart på 5,49 km/t. Ikkje værst.

Når det gjeld det nevnte fottøyet, er det muleg eg kjøpte dei i den tru at eg måtte ha noko å vekse i. For dei er litt store. Uansett. Det endte i et par meget kurante gnagsår. Men eg fekk tross alt handla klementiner.

I kveld blir det heimelaga pinnekjøt. Det blei utruleg mykje pinnekjøt før julafta i år. Er det bra?

Under er bildene frå dagens tur ramsa opp på “normal” måte. Slik at det er litt enklare om ein bare skal surfe gjennom dei.


Vis større kart
Har lekt litt rundt med mobilen min de siste dagane, og finner stadig ut nye ting. Etter å ha lest artikkel om geotagging på nrkbeta.no, måtte eg sjølv prøve å plassere bildene på kartet. Kartet over er et resultatet av sykkelturen min i går.

For å oppnå resultatet som vist over, gjer du følgande. Eksporter treningsøkta i Nokia Sports Tracker til gpx og overfør den til PCen. Deretter laster du ned GpicSync gratis og følger instruksjonane (nrkbeta.no). For korrekt google maps-eksport, kan det være ein fordel å lese instruksjonane på GpicSync sine nettsider.

Løvstakken

Lagt til 05.07.2009. Arkivert under: Reiser/Turar Teknologi

Lovstakken

Eg og Helene la i dag ut på ein flott formiddagstur til Løvstakken. Løvstakken er eit av dei sju fjell. Fjellet ligg mellom Fyllingsdalen og Bergensdalen. Me møtte faktisk ein del folk der oppe, så det er tydelig at det er eit populært turområde.

  • Bilder frå turen
  • Diverse turdata
  • Testa ut Nokia Sports Tracker på turen. Ganske stiligt! Du kan sjå alle datane på min profil på Sports Tracker-sidene. Me brukte 47 minutt frå Fredlungsvingen til toppen. På jakt etter litt spenning valgte med ein anna vei ned. Det resulterte i 2km gåing i et byggefelt for å finne bilen. :)

    Utvalgte data:
    Distanse: 7,74 km
    Tid opp: 47m
    Tid ned: 1t og 3m
    Totaltid: 1t og 50m
    Gj.sn.fart: 4.21 km/t

    - Sjekk all statistikk.

  • Kart fra rundturen
  • i et større kart

Nokia N86 8MP kameratest

Lagt til 04.07.2009. Arkivert under: Teknologi Testar

Fekk ny telefon her om dagen, ein Nokia N86. Den første Nokia-telefonen med 8 megapiksler. Det seier vel ikkje så veldig mykje, men her er iallfall et par bilder og et videklipp tatt med telefonen i varierande lysforhold.

  • Bilder fra rundt omkring Bergensområdet
  • - Eksempel på originalbilde.

    Under ser du et videoklipp eg tok fra Hopsnesvegen. Ikkje akkurat stødig på hånda, så det kan nok bli bedre. Kanskje det kan komme litt videoklipp her på sida framover? Vurderer et HD-kamera til slikt. I første omgang får det holde med mobilen.

  • Videoklipp fra Hopsnesvegen

Nokia 3120 Classic

Lagt til 21.05.2009. Arkivert under: Teknologi

Nokia 3120 Classic
På jakt etter ny telefon, eller kanskje ein ekstra? Nokia 3120 classic er rett og slett den perfekte billig-mobil. Var rimelig lei min HTC Touch Pro, og ville ha ein ekstra-telefon, eller helst ein ny. Den har egentlig (nesten) alt eg ser i ein mobiltelefon. Gode tastar, liten, lett, kjapp, god musikkspelar, greitt kamera og god lyd. Minuset er at du ikkje kan synkronisere med exchange, samtidig som kamera kanskje er litt 2008. Eg er iallfall evig nøgd. Den går høgt opp på lista blant mine beste telefonar.

Les testen av Nokia 3120 classic hjå amobil.no.

Telefon og mus Telefon og olihand Telefon på bord Telefon og markeringstusj Telefon og post