
Etter kvart som nytt teknologisk stæsj kjem inn i heimen, kjem også nye fjernkontrollar. Eit veldig vanlig scenario når ein skal sjå på tv er: du brukar forsterkar-kontrollen for å skifte volum, tuner-kontrollen for å byte kanal og tv-kontrollen for å byte source og evt. andre snedige ting.
Med Logitech sine multifunksjonskontrollar kan alt dette gjerast på èin fjernkontroll. Det er rett og slett magisk. Logitech er den mest kjende produsenten av slike kontrollar. Det er også den beste. Jubelen var derfor stor då eg fant ein slik under juletreet i fjor.
Alle testar og artiklar om Logitech sine fjernkontrollar handlar om kor geniale dei er, men samtidig om kor stress det er å sette dei opp. Er det slik at det tar timevis, ja – kanskje dagevis å sette opp ei Harmony-kontroll?
Har du litt kreative tyske jalla-merker, kan det kanskje by på problem. Men det er likevel ikkje stress. Eg måtte styre litt for å stille inn fjernkontrollen min optimalt mot mitt HANNspree-tv. Men har du i det heile tatt vurdert å kjøpe ein slik fjernkontroll. Då klarer du fint å sette den opp også. I 97 av 100 tilfelle vil eg tru at sjølve programmeringa og oppsettet av fjernkontrollen går som ein leik.
Min fjernkontroll er nå satt opp mot HANNspree tv, Samsung heimekinoanlegg, Canal Digital-tuner og Mac Mini som kjører Plex.
Eg har ein Logitech Harmony 555. Den ser fin ut, samtidig som den er god å holde i. Einaste eg kan setje fingen på, er at det lager litt lyd når du trykker på nokon av knappane. Det er bagateller. Løp og kjøp!
Logitech Harmony anbefales på det sterkaste. 9/10 poeng! Under ser du eit par bilde av fjernkontrollen og programvaren som følger med.
Teknofil sin test av Logitech Harmony 555