Sand

Lagt til 30.01.2010. Arkivert under: Generelt

Det er ca ein månad sidan eg var heime og feirte jul. Det er alltid like herlig og avslappande å kome heim. I jula fekk eg gjort akkurat det ein skal gjere i jula. Eg kjenne eg gler meg til neste gong eg skal til Sand. Enten det er jul, påske, sommar, haust eller vinter – det er alltid noko magisk med å kome heim.

På Wikipedia kan ein bl.a lese følgande om heimstaden min:

Sand er kommunesenteret i Suldal kommune i Ryfylke i Rogaland fylke. Tettstaden har 1 126 innbyggjarar (2009). Tettstaden har ei lang historie, med mellom anna skipsbygging. På staden er det mellom anna kulturhus og hotell. Sand kyrkje frå 1852 ligg her.
Hovudsetet til Ryfylkemuseet ligg på Sand. Det er ferjesamband over Sandsfjorden til Ropeid. Ferjesambandet er ein del av Fylkesveg 46.

Ein skal alltid ta utrulig mykje bilder i jula. Du skal knipse alt. Absolutt alt. Derfor kan eg her visa fram 24 bilete fra ein flott tur ned i “Gatå” i romjula.

God jul og godt nyttår!

Lagt til 24.12.2009. Arkivert under: Generelt

Snømann

God jul og godt nyttår fra snømannen på Helland.

Julesnø

Lagt til 19.12.2009. Arkivert under: Generelt

Her er ei lita oppdatering på dagens snøfall. Kjem i skikkelig julestemning!