Surfedebuten

SurferboyIdag blei eg med surfegutta ut til Borestranda for å prøve dette sjølv. Lånte våtdrakta til Hans Magne, og lånte eit langt brett på Surfsentrum. Det skulle visst være lettare med et så stort brett. Med godt mot padla eg meg utover på jakt etter godbølgene. Begynte vel aldri heilt å få ting til, men klarte faktisk å komme meg oppå beina eit par gonger. Ellers var det greitt å bare ligge på brettet å surfe bølger også. :–) Det var meg, Bjarte, Kjetil og Ivan som tok turen. Kjetil hadde med seg ein nyinnkjøpt drage, som også vart testa på den flotte stranda. Noko skeptisk holdt eg god avstand, då dragen styrta ned i sanden opptil fleire ganger. Til slutt hadde dei vel rimelig god nok kontroll til at eg kunne holde meg sånn nokonlunde i nærheten…

Om du vil, kan du sjå eit par bilder frå begivenheten.

08/18/2005 | Surfing | Kommentarer

6 kommentarer to “Surfedebuten”

  1. yalla skreiv: - 08/18/2005

    Finfint idag. Var ute nå ikveld, eg og Kjetil. Fine bølger, og eit strålande ver, fin solnedgang :-)

  2. olemartin skreiv: - 08/19/2005

    Mhm, var litt uryddige bølger syns eg, sleit ganske bra, :–D

  3. yalla skreiv: - 08/19/2005

    Dei var iallefall ryddige og fine på kveldstid :–) Dåkke var relativt tidlig heime ser eg (04:17).. Vart intet etterspel?

  4. Joppe skreiv: - 08/19/2005

    Eg va på etterspel. Og er nåke dårleg nå :-/

  5. ole martin skreiv: - 08/19/2005

    Hm, trur eg er litt dårlig uten å ha vore på etterspel og. Og så har dei stengt vatnet, og oli er tørst. :|

  6. yalla skreiv: - 08/19/2005

    haha.. Kom du heim klokka 10:09 du Joppe? kordan blei det med turen til Førde då?

Legg igjen ein kommentar