Star Wars: Episode III - Revenge of the Sith

Star Wars III: Revenge of the sithFor ikkje lenge siden såg eg de gode gamle klassikerane; “Episode 4 - A new hope“, “Episode 5 - The empire strikes back” og “Episode 6 - Return of the jedi“, og blei verkeleg positivt overraska. Med mange geniale karakterer, ein flott historie og med god regi blei filmane godt mottatt. I 1999 ga Lucas ut sin fjerde film i rekka, “Episode 1 - The phantom menace“, og det var begynnelsen på ein ny epoke med Star Wars. Etter lunkne erfaringar etter den filmen, brydde eg meg aldri med å sjå den neste filmen i rekka “Episode 2 - Attack of the Clones“. Derfor hadde eg ingen store forhåpningar til “Revenge of the sith“:

Historien
Dette er filmen som skaper overgangen til dei tre tidligaste klassikerane. I “Revenge of the sith” får me endelig svar på eit par spørsmål eg har lurt litt på; Korleis havna Luke Skywalker hos sine fosterforeldre, kvifor flytta Yoda til Dagobah, og det største spørsmålet av alle - Korleis blir Anakin Skywalker forvandla til Darth Vader?

Filmen
Dette er heilt klart ein film som er vesentlig bedre enn den første episoden “The phantom menace”, samtidig som eg kan forestille meg at den klarer seg mykje bedre enn “Attack of the clones” også. Du får litt av den gode gamle Star Wars-følelsen med flotte karakterer du kan smile og le litt av. Samtidig er historia sentrert rundt det at Anakin Skywalker går over til den mørke sida. Enkelt og greitt setter denne filmen historien på plass - og det klarer den godt. Historia blir godt presentert med heftige visuelle effekter og nokre flotte kampar med lyssablar med både Anakin Skywalker og Obi-Wan Kenobi i hovudrolla.

Resultat
Den første halvdelen av filmen var litt rolig, og det skjedde relativt lite. Men etterkvart bygde dette seg opp til å bli noko heilt stort. Avslutninga var verkeleg ei verdig Star Wars-avslutning. Eg har valgt å ikkje avsløre noko med denne oppsummeringa av filmen, så da bare råder eg folk til å gå å sjå denne filmen. Har du derimot ikkje sett ein einaste Star Wars-film frå før av, burde du kanskje sett dei tre første filmane (Episode 4,5 og 6), for å få ein bedre opplevelse under filmen. Det er mulig den blir litt kjedelig om ikkje. Min karakterskala går til 10, og då har eg valgt å gi denne filmen ein sterk 8er.

Karakter: 8 / 10

06/02/2005 | Film/tv | Kommentarer

6 kommentarer to “Star Wars: Episode III - Revenge of the Sith”

  1. Yalla skreiv: - 06/02/2005

    Når kjem den på DVD? Ellers må eg kanksje rote meg på kino snart.. For det er vel ikkje så lenge til den slutter å gå der…

  2. Ole Martin skreiv: - 06/02/2005

    Saksa fra movieweb.com:

    Speculation may in fact point towards a DVD release of November 8th. Nonetheless, look for the release of Star Wars: Episode III - Revenge of the Sith before the end of the year.

    ..men den kommer vel muligens litt før ut i den vide verden på et eller aent format. Du kan jo sjå ein telesyncversjon :–)

  3. FiDo skreiv: - 06/03/2005

    Sikkert ikke feil å se på kino heller den da..

  4. Svandal skreiv: - 06/03/2005

    Anbefale kombinasjonen Return of the sith og god kino.

  5. Ole Martin skreiv: - 06/03/2005

    Midt på, litt langt oppe i sal 5, og du er klar for stjernekrigen!

  6. omhelland.com » Blog Archive » Inside man skreiv: - 04/04/2006

    […] >Igår var eg på kino. Det er gått nesten eit år sidan sist kinobesøk, då eg såg Star Wars - The revenge of the sith. Denne gongen var det “Inside Man” som trakk meg til kinolærret […]

Legg igjen ein kommentar