Speedstacking - ny idrett i oppsving
Etter at eg såg et lite klipp frå VM i speedstacking på tv2-sporten her ein dag, måtte eg søke litt rundt på nettet for litt informasjon om denne nye fantastisk idretten. Det går ut på å stable kopper i forskjellige mønstrer raskast mulig. Det er stort sett det samme mønsteret som det blir konkurrert i - og verdensrekorden lyder på 7.43.
På sida til speedstackscandinavia.com kan du bestille alle slags nyttige produkter for deg som skal bli stackingmester. Samtidig som det ligger litt videoar ute av verdensrekorden og andre videoar.
Paradis open i Speedstacking hadde nok blitt eit flott arrangement.
4 kommentarer to “Speedstacking - ny idrett i oppsving”
Yalla skreiv: - 04/22/2005
Når er det paradisopen i speedstacking skulle arrangerast sa du?
Rekner med at du syter for nødvendige koppar og kar.. samt ei duganes stackingplate, helst med ur.
Ellers trur eg at eg kan ha ei stor framtid i speedstacking..
Ole Martin skreiv: - 04/22/2005
Nei, det er vel ikkje bestemt enda. Bjarten var iallefall særdeles ivrig etter å få bestilt dei nødvendige koppar og kar. Til og med litt tyngre koppar for treningens skyld ville han ha. Trur han snakte om 2 ur, slik at du får den verkelege 2-player-følelsen.
Har du forresten skifta e-post-adresse på feltet ditt her, bildet ditt viser jo ikkje…
Svandal skreiv: - 04/22/2005
Føle detta kan bli ein hit =)
Ole Martin skreiv: - 04/22/2005
Leste at folk kjempa for å få det til å bli OL-grein i 2008. Om det ikkje gjekk, ville dei fortsette å prøve å få det til 2012.
Legg igjen ein kommentar