Sesongoppkjøring

Begynte denne veka å trene innendørs igjen. Har ikkje tatt i innendørsball på det uendelige. Stort sett pga ein vond rygg. Men etter tre treningar denne veka, virker den nokså god. Etter veldig få nye spelerar dei siste åra, har det i år komt mange nye i stallen. Ved å ta turen innom randaberg.net, kan du lese meir om det. Me skal ikkje ha første seriekamp før midt i oktober, så det blir god tid til å komme i form. Skal gjennom to oppkjøringsturneringar i Danmark i september. Det er alltid ein suksess.
God helg!

Legg igjen ein kommentar