Litt beach

Lagt til 16.05.2010. Arkivert under: Volleyball

Eg var ivrig å ta med kamera på de første øktene på Skansen. Det har etterkvart blitt eit par videsnuttar. Under kan du sjå eit lite samandrag frå den eine dagen. Resten av filmane finn du på profilen min på Vimeo. Husk at du også kan abbonere på filmane eg legg ut der.

Facebook like button

Lagt til 10.05.2010. Arkivert under: Generelt Om sida Teknologi


Nå kan du like postane eg legg ut her. Kanskje ei slags prøveordning. Fungerer det forresten?

Napoli

Lagt til 03.05.2010. Arkivert under: Reiser/Turar

For et par veker tilbake fekk eg nokså plutselig ein tur til Napoli i bursdagspresang. Fantastisk! Etter å ha reist til Oslo i hytt og pine i det siste, var det fint å få seg ein slapp-av-tur til Italia. Har faktisk vært på italiensk jord før, men det var bare et lite stopp på ein bensinstasjon for å kjøpe kinderegg ein eller anna plass mellom Venezia og Ljubljana.

Målet med denne turen var stort sett å slappe av, samtidig som me hadde planar om  å besøke Pompeii. Pompeii låg ein liten fin togtur fra Napoli sentrum. Ellers gjekk dagane i sol, is, øl, shopping, pizza, croissant med gul krem, lasagne, vin og avslapping. Under kan du sjå et par sporadisk utvalgte bilder fra turen, samt ein ekstremt kort og rotete film.

Hadde med meg FLIP-kamera, men det blei ikkje så veldig mykje brukt. Snekra samen litt av det eg hadde fått filma i ein film på ca 1 minutt. Ein veldig dårlig film, men du får iallfall sjå litt av Napoli og Pompeii.

iPad?

Lagt til 26.04.2010. Arkivert under: Teknologi

Har fått tilbud om å kjøpe meg iPad fra USA. Når iPad kommer til Norge blir nok firmware med norsk språk tilgjengelig, så da blir det ingen forskjell på iPad kjøpt i USA og iPad kjøpt her i Norge. Det får deg til å tenke. Tenk så praktisk å f.eks ha Suldalsposten på iPad-en mens du nyter frokostkaffien.

Men med opptelling er det seks eller sju apple-produkter i heimen. Det kan bli for mykje. Kva trur du?

Løvstakken

Lagt til 26.04.2010. Arkivert under: Reiser/Turar

Årets første tur til Løvstakken blei gjennomført i et litt ymse vårvèr tidlig på søndag. Du kan gå til Løvstakken omtrent rett utforbi leiligheten vår, så oddsen er stor for at det blir fleire turar i løpet av året. Slenger med ein liten bildekarusell frå eit par bilder eg tok med telefonen.

Loading...

Livet på Oslo S

Lagt til 15.04.2010. Arkivert under: Generelt

Har vært ein del i Oslo i det siste på jobb. Denne veka var det meininga eg skulle være her borte tirsdag til torsdag, men det var visst ikkje like lett som vanlig å komme seg heim i dag. Etter at eg fant ut at alle flyplassane var stengt, måtte eg sjå meg etter alternativ transport heim til Bergen.

Første ledige tog var fredag kl. 1433. Eg bestilte billett der. Ei lita stund seinare oppdaga eg at det var satt inn eit ekstratog 0631. Eg bestilte billett der også. Eg måtte avbestille den første billetten. Det blei eit lite gebyr. Etter å ha valsa rundt litt ser eg eit skilt til bussterminalen. Det er kjekt. Etter ein drøy time i kø hadde eg jammen meg ein billett med nattbussen også. Eg måtte avbestille igjen. Nytt gebyr.

Men siden det er så kjekt å kjøpe billetter, kunne eg ikkje stoppe enda. Utrulig nok var eg inne på nsb.no dei 7 sekunda sida var oppe i dag. Då viste det seg at faktisk nattoget plutselig hadde ledige plasser. Eg rusler bort til ein togbillettautomat, og ordner meg billett der også. Eg må avbestille bussbilletten. Nytt gebyr. Trur eg kunne fått ein ny billett av alle gebyra. I alle tilfelle, dette resultert til slutt i litt kvalitetstid på Oslo S. Du kan faktisk ha det overraskande bra på Oslo S.

Du kan f.eks fnise litt av at det enda står folk i køen til NSB-informasjonen. Eg valgte å ete latterlig mykje salat-stasj på Bit. Forresten ein kjempebutikk.

Etter å ha hatt et bedre måltid rusla eg rundt omkring på Byporten Shopping og såg meg litt om. Besøkte HandySize, som også er ein kjempebutikk.

Når du er lei av alt styr og stell, kan du gjer som eg gjorde. Gå til nok ein kjempebutikk! Caffè Ritazza tilbyr gode sitteplasser, strøm, gratis påfyll av kaffi, pluss mykje meir godis. Så då er det bare å sette eple på internett-deling, fylle kaffi i koppen og nyte tida på Oslo S fram til nattoget går.

Ha ein fin kveld!