Aktivitetsdag på Skansen

Lagt til 12.04.2010. Arkivert under: Generelt Reiser/Turar Volleyball

Det tok ca. tre kvarter for værgudane å skifte fra latterlig vintervær til latterlig fint vårvær. I den anledning tok eg og Helene turen opp til Skansemyren for å sjå om netta på volleyballbanane var oppe. Dei var ikkje oppe enda, men me fekk likevel ein særs vellykka aktivitetsdag på sleggebanen. Under ser du eit lite samandrag frå halvtimen oppe på Skansen.

PS: Det blei beach på Sotra seinare på dagen. Ein liten videosnutt fra årets første beach kjem snart.


Nespresso Boutiqe

Lagt til 11.04.2010. Arkivert under: Generelt Mat og drikke

I fjor jul var eg så heldig å få fingrane på ein Nespresso kaffimaskin. Eg har nesten alltid trudd at einaste måten ein kunne få tak i ny kaffe på, var å bestille det gjennom Nespresso sine nettsider. Det er for så vidt greitt nok det, men det hadde uansett vært fint med ein butikk.

Det var då særs gledelig å oppdaga Nespresso Boutiqe på Karl Johan. Ein kjempebutikk! Nespresso Boutiqe finner du i Karl Johans gate 23, på høgre side et stykke oppe i gata om du kjem frå Oslo S. Butikken går over to etasjar, og oser kvalitet. Det er til og med ein egen ekslusiv smake-på-kaffien-del. Fint å ha muligheten til å smake på før du handler.

Har du ein Nespresso-maskin, anbefaler eg deg til å ta turen innom Nespresso Boutiqe når du får sjansen.


Påskehits 2010

Lagt til 25.03.2010. Arkivert under: Generelt


Trenger hjelp til å lage den ultimate påskehits-samlinga. Den bør bestå av fengande superhits, gjerne fra 90-tallet! Norske schlägers gjer også susen. Du kan legge sangar inn i denne spotify-lista, og/eller skrive tips i kommentarfeltet.


Toball

Lagt til 19.03.2010. Arkivert under: Volleyball

Toball er ein heilt genial oppvarmingsøvelse. Det foregår slik at to lag spelar mot kvarandre med to ballar. Du server på likt, og må vinne begge ballane for å få poeng. I tillegg finns det ein herlig uskreven regel som gjer at du har lov til litt fleire kreative slag enn i vanlig volleyball.

Det er liten tvil om at det er toball som er nøkkelen til suksess i volleyball. Alle bør spele toball. Helst særs ofte, og særs lenge. Under ser du resultatet av litt testfilming med Flipen av toballen under gårsdagens trening. Du kan sjå filmen i litt bedre kvalitet på Vimeo.


The Flip Ultra HD

Lagt til 16.03.2010. Arkivert under: Teknologi

Eg har lenge hatt lyst på et lite hendig videokamera. Eg hadde vel meir eller mindre bestemt meg for å kjøpe Kodak Zi8 eller Flip Ultra HD. Det var då ein særs gledelig nyhet at me fekk et Flip-kamera på jobb i dag. Kjempehøg fem!


Den plutselige vintesten

Lagt til 16.03.2010. Arkivert under: Testar

Det er med stor glede eg kan presentere den aller første vintesten her på omhelland.com. Etter å ha gjennomført utallige øl- og brennevinstestar, var det på tide å entre de sofistikertes rekker.

Opphavet til denne vintesten kjem av at me heilt uanmeldt fekk fatt på to billettar til eit vinseminar på NHH. Det hørtes utruleg spesielt ut. Men. Slik er det. Me tok bussen utover mot NHH.

Det var litt betryggande å sjå Stemmemyren rett over veien. Greitt å ver i litt kjente omgivelsar når du skal på vinseminar. Vinseminar! Etter å ha blitt geleida inn i ein mørk kjellar, fekk me etterkvart smake på fløyten. Seks forskjellige typar vin var slengt på testbenken. To kvite, ein rosè og tre røde.

Her kan du også sjå dommen, samt kva eg skreiv om dei forskjellige vinane i dèt me drakk dei.

Les heile artikkelen »