Kom deg ut-dagen

Lagt til 07.02.2011. Arkivert under: Generelt Reiser/Turar

I går var det kom deg ut-dagen. Det visste eg ingenting om. Det var altså tilfeldig at dette var dagen eg skulle ut på ski. Med nye ski. Me kjøpte oss nemlig kvar vår skipakke på fredag. Mine første par ski!

Etter å ha googla litt om skiløyper i Bergen, fant me ut at Totland var plassen. Der var det alle mulige slags løyper. Eg fekk bruk for både den kreative skøyteteknikken, samt den aggressive diagonalgangen. Hockeyen satt også som et skudd.

Etter inspirasjon frå Rune Kristiansen brukte eg kvar ledige stund på å øve inn nye skiballettriks.

Det såg omtrent sånn ut på Totland i går. Då det begynte å bli rimelig mørkt, fant me ut at me måtte komme oss heim før eg brakk eit par bein og blei liggande.

Summa summarum kan ein trygt sei at dette var ein suksess. Kor skal det ende?

Heimelaga sushi

Lagt til 03.02.2011. Arkivert under: Mat og drikke

Sushi er blitt ei voldsom motegreie. Alle skal ha sushi. Akkurat som då alle skulle ha taco. Eller pizza. Eller gå med nakkekrage. Nå er det iallfall sushi.

Men skal du ete deg god og mett, kan det fort svi litt i  portemoneen. Her finns det ei råd. Du kan nemlig lage sushien sjølv. Bilete under er eit perfekt eksempel på at heimelaga sushi kan være vel så stilig som restaurant-sushi.

Tusen takk til Helene og Janne som stod for denne usedvanlig delikate kveldsmaten.

Oppsummering

Lagt til 10.01.2011. Arkivert under: Generelt

Den tolvte november. Det er fryktelig lenge sidan. Det var då eg sist publiserte noko her på ne-tett. Kritisk! For å komme meg på rett kjør igjen har eg mekka ei mobilbildeoppsummering av tida frå forrige innlegg og fram til i dag.


Det heile starta med at eg kjøpte meg to urstilige koppar. For å gjere Helge til lags kan eg kanskje seie at dette er bortimot den perfekte jobbkoppen. Kanskje. Det bør kome ein test på det. Dei fungere godt til både te og kaffe. Einaste minuset eg kan sjå, er at den er såpass vid at drikka blir relativt fort kald. Så – botn opp!


Søndre Skogveien fekk seg kjøkkenbord! Eit særs godt bord til både frokost, sushi og Scrabble.


Det gjekk ikkje land tid før det blei ny skrivar i hus. Den spelar på lag med alt og alle.


Siste helga før jul tok eg meg ein snartur til Tromsø for å helse på unge lovande Svandal. Etter å ha spelt ferdig i Tromsøhallen, gjekk turen til Strandveien. Der varta han opp med alt mulig knask. Tacokveld! Særs koseleg.


Eit par dagar seinare var det klart for å kjøre heim til jul. Over ser du eit bilde tatt i frå bilen på vei heim. Litt ymse sikt og spennande veiforhold. Men Vectra-en takla det klinkelett. God jul!


Til slutt var Vectra-en trygt plassert i gardstunet på Helland, og eg kunne igjen sjå Hellandsnuten frå kjøkkenvindauget. Ei god kjensle.


Så var det romjul. Fekk lagt inn både kortspel, ballspel, brettspel og kveldsspel. Ei flott romjul.


Fekk deluxe Scrabble til jul. Scrabble er kjekt! Hugs å nytte deg av tredobbel ordpoeng, dobbel ordpoeng og tredobbel bokstavpoeng. Då vinne du til slutt.


Eg var i Røldal då me gjekk over til 2011. Glatt og tøft.


Det siste som skjedde, var at eg ufrivillig kapra Oddvar Torsheim sitt bord under frokosten på hotellet i Førde. Det burde eg ikkje ha gjort. Torsheim-effekten slo ut i usedvanlig dårlig gym. Katastrofalt.

Det var det siste bilete på mobilen min. Ha ein fortsatt strålande mandag.

Dråpebilder 2

Lagt til 12.11.2010. Arkivert under: Generelt

Det har gått nesten to år siden dei forrige dråpebildene blei tatt. I mellomtida har Helene begynt på fotokurs. Under kan du sjå resultatet av forrige vekes heimelekse. Bildene er tatt med eit Canon 1000d speilreflekskamera. Trykk på bildene for å få dei litt større.




Europacup i Haukelandshallen

Lagt til 21.10.2010. Arkivert under: Volleyball

Biff tartar

Lagt til 21.10.2010. Arkivert under: Mat og drikke

Biff tartar er kjøtet sitt svar på sushi. Rå karbonadedeig er tingen! Legg på litt sylteagurk, rødbet, løk og egg – og du har alt du treng for eit litt uvanlig gourmetmåltid.

Det spesielle med biff tartar er at alt skal være rått. Ja – kjøtet skal være heilt rått. Det samme skal egget. Stilig? Eg var iallfall litt skeptisk. Men som ivrig ete-på-kjøttdeigen-mens-me-brune-den-entusiast, var det egentlig ingenting å frykta.

For å tilberede et måltid med biff tartar treng du følgande.

  • Karbonadedeig
  • Rødbeter
  • Sylteagurk
  • Løk
  • Egg
  • Brød, helst kneip

Når du har alt du treng, er det bare å kutte opp rødbetane, sylteagurken og løken opp i små terningar. Deretter må ein skille eggeplommene fra eggekviten. Legg karbonadedeigen opp ned og lag ruter i den, som du ser på bildet under. Til slutt kan du tilberede det heile på ein tilnærme måte som vist på bildet øverst i innlegget. Husk å smell litt peppar-greier på toppen.

Lyst til å prøve ein litt sjelden matrett. Slå til! Det var faktisk kjempegodt.