One Call

One Call
Idag bestilte eg One Call. Dei tilbyr gratis ringetid dei første 88 minutta. Utover dei 88 minutta koster det 80 øre pr minutt. Dei første 78 tekstmeldingane er også gratis. Det finns heller ingen innmeldingsavgift. Fullstendig prisliste finner du på One Call sine sider.

Eg rekna samen snittet av alle rekningane mine frå Chess det siste året, for så å taste dataane inn på telepriser.no. Resultatet var slåande. One Call slo Chess King ned i støvlane. Snittet mitt frå alle månadane blei 115 minutt fordelt på 76 samtalar. Vidare har eg i snitt sendt 350 SMS pr mnd.

Utifrå desse dataane fekk eg følgande resultat på telepriser.no:
1. One Call Faktura - kr 157
2. Nutel KILLBILL Mobil - kr 186
3. IPEA Apollon - kr 239
4. One Call Kontant - kr 254
5. Chess ChessTouch - kr 271
….
10. Chess King - kr 311

Etter eit kjapt reknestykke (311 - 157) vil eg spare 154 kr pr. mnd. På ett år blir det 1848 kroner. Tenk alt det fine eg kan kjøpe då. Du får f.eks ei veke på Kreta for 1795 kr. Då gjenstår det bare å sjå korleis mobilrekningane mine blir i framtida. Ha ei fin veke!

04/22/2007 | Uncategorized | Kommentarer

11 kommentarer to “One Call”

  1. cOlav skreiv: - 04/23/2007

    Ganske stor forskjell det der.


  2. magnhild skreiv: - 04/23/2007

    akkurat ja…må kanskje bytte eg og.. Eg har tele 2 champion.


  3. yalla skreiv: - 04/23/2007

    Ja, men du har jo så mykje penger nå Maggi ;)


  4. Sims skreiv: - 04/24/2007

    Er blod pris når du kjem over dei 88 minuttene.


  5. Ole Martin skreiv: - 04/24/2007

    I mitt tilfelle vil det lønne seg kraftig. Det er heller ingen blodpris utover dei 88 minutta. 21 øre meir pr. minutt i forhold til mitt nåværande abbonement; Chess king. Eg kan ringe 192 minutt over dei 88 minutta pr. måned, og likevel komme under det eg betaler idag. Det blir altså fire timar og førtifem minutt. Eg var ikkje i nærheten av det på nokon av mine telefonrekningar det siste året. Derfor var valget enkelt. Når det gjelder SMS, er det 2 øre dyrare med OneCall, etter dei 78 gratis-SMSane. Vidare var det billigare GPRS. Du må selvfølgelig sjekke dine telefonvanar, før du tar på deg sokken. Om det skulle vise seg å være eit dårlig valg, er det ikkje lange veien til andre abbonement.


  6. Ole Martin skreiv: - 04/24/2007

    På ei anna side; du trenger vel ei bry deg om blodprisar, Sims. :)


  7. Sims skreiv: - 04/24/2007

    Ser ut som du har gjort eit godt overveid valg av abbonoment. Eg er faktisk frista til å bytte sjølv:) Koster jo ingenting å prøve..


  8. cOlav skreiv: - 04/25/2007

    Rekna litt eg. Lett bytte. Kommer til å spare ein god del faktisk.


  9. FiDo skreiv: - 06/22/2007

    Fått noen rekninger nå Oli??
    Nå bestiller eg og One Call Mobil Faktura.. Ifølge telepriser kommer eg godt utav det…


  10. Ole Martin skreiv: - 06/23/2007

    Fekk ein rekning her om dagen. Den var rett i overkant av to hundre kroner :) One Call har forresten satt ned prisane enda meir.


  11. Siri skreiv: - 07/03/2007

    Nå er Ipea billigst, så dere får skifte alle sammen:-)

    Morsom dåttkomm du har, forvilla meg inn her ved et”uhell”, men kommer nok til å titte innom flere ganger.


Legg igjen ein kommentar