Lett vidare i cupen
Igår vart andre runde i Norgescupen spelt. Me spelte seriespel med Klepp (1.div) og Austrått (2. div). Klepp og Austrått møtte kvarandre i den første kampen. Det blei ein jamn og velspelt kamp. Anført av ein god Bjørnar Gjedrem var Austrått kun et par poeng ifra å slå 1. divisjonslaget. Me møtte då her taparen, som var Austrått. Utan å anstrenge oss for mykje, sikra med det inn til 3-0. Det skal seiast at det var periodar i setta som var jevne. Det var ein klarare siger mot Klepp. Her fekk me stort sett kjøre vårt spel, og når humøret er på topp glir ballen av seg sjølv. Dag har ein liten skade i leggen, så han stod over lørdagens kampar. Kjell gjekk inn som leggar, mens Stian spelte libero. Knut spelte eit par sett, og fekk smikt inn sine første poeng i Randabergdrakta.
Resultater
14.30 Klepp - Austrått 3-2 (15-25, 25-17, 25-21, 20-25, 15-7)
16.00 Randaberg - Austrått 3-0 (25-21, 25-20, 25-14)
17.30 Randaberg - Klepp 3-0 (25-11, 25-17, 25-21)
3 kommentarer to “Lett vidare i cupen”
Edvin skreiv: - 10/23/2006
Herleg at Knut er i gang! Grattis med avansement - snakkes i finalen:) Mjau
janne skreiv: - 10/24/2006
da må nyborg knekkes i kvarten først.. må nok dessverre si Heia Nyborg da!
Ole Martin skreiv: - 10/24/2006
Såg det blei Nyborg. Da skal det bli ein saftig revansj.
Legg igjen ein kommentar