Fin treningshelg

I helga var det duka for årets første test for Randaberg. Me reiste til Sand, der me skulle spele treningskampar mot ToppVolley Norge (TVN) og Nyborg. Det blei ei fin gjennomkjøring som endte i fire relativt solid seierar.
Randaberg - TVN : 3-0
Randaberg - TVN : 3-1
Randaberg - Nyborg : 3-1
Randaberg - Nyborg : 3-0
Randaberg stilte med følgande spelerar: Øystein Holstad, Ron Kjetil Hamansen, Sturla Øydvin, Bjarte M. Helland, Martin Spinnangr, Stian Kvalen, Henrik Berg, Dag Strømsvåg, Jørgen Svendsen og Ole Martin Helland.
Øystein, Henrik og Jørgen gjorde det godt i midten. Dag var både oppleggar, libero og diagonal. Bjarte var diagonal og oppleggar. Ron Kjetil gjorde ein god jobb som libero. Eg og Martin spelte kant. Stian var både kant og diagonal før han fekk fingen ut av ledd (au!). Og Sturla kom inn til Sand og spelte siste kampen som oppleggar. Neste helg er det nok ei treningshelg med de same laga, bare i Randaberghallen. Første seriekamp er i slutten av september.

7 kommentarer to “Fin treningshelg”
Egil skreiv: - 08/26/2007
Då satse me på seriegull i år!
Molten skreiv: - 08/26/2007
E det kje på tide at du begynner på oppussinga av sida til RIL snart?:)
“Nye nettsider
Av Randaberg IL , 23.02.07
Det jobbes for tiden med nye nettsider for Randaberg IL. De nye sidene vil bli publisert i den nærmeste fremtid.
- Ole Martin”
Ole Martin skreiv: - 08/26/2007
Dei sidene har vore ferdige si mars, faktisk.
Jane skreiv: - 08/26/2007
Er det ikke Time som har nettsidene deres?
Kåre skreiv: - 08/27/2007
Time ble visst lei hele volleyballen og dets medlemmer
Ole Martin skreiv: - 08/28/2007
Kan då informere om at flytting av domene/hosting er bestilt. Forhåpentligvis kjem randaberg.net opp i ny versjon før det er gått eit halvt år.
Ole Martin skreiv: - 08/30/2007
“Du har bekreftet flytting av randaberg.net. Hvis alt går bra, vil domenet være flyttet i løpet av 5 dager.”
Legg igjen ein kommentar