Dubrovnik

Veka 2-9 Juli blei livet levd langs adriaterhavet. Med ein temperatur stabilt på 35 grader og blå himmel så langt du kunne sjå, går nok denne veka inn i ei slags topp 3-liste. Blei imponert over kor bra alt var i Dubrovnik. Dei har jammen stått på dei siste 17 åra. Helene har, om mulig, etablert seg på toppen av ein skala når det gjelder den kroniske knipsemanien. Då hu fant ut at det var ein makro-funksjon, gjekk knipsemanien fort over til hobbyfotograf. 159 bilder er lagt ut i fotoalbumet, det tilsvarer ca ein fjerdedel av bildene. Anbefaler lysbildefremvising av bildene.
Byen/Gamlebyen
Sjølve gamlebyen var ein flott opplevelse. Standaren var høg, og det var reint og fint rundt om i byen. Preges av at det i den siste tida har blitt ei enorm turisttilstrømming. Du kan fint gå på shopping i gamlebyen. Det lurer alltid ein butikk bak hjørna.
9/10
Strandliv
I sjølve Dubrovnik er det vanskelig å finne sandstrender, men det kryr av små klippeområder med fine bademuligheter. Det er som regel ei badetrapp ned i vatnet. Vatnet er heilt klart, og det er gode snorklemuligheter. Skal du absolutt ha sandstrand, anbefaler eg deg å besøke øya Lopud, ein liten båttur fra Dubrovnik. Her er det fleire sandstrender med isbaren rett bak deg. Her kan du fritt låne kajakk, snorkle eller bare ligge å sole deg med ein is. Perfect. Ellers anbefaler eg den litle tettstaden Cavtat. Gode bademuligheter med mange restauranter. Typisk turistplass, men dog. Flott.
Vurdering: 8/10
Maten
Maten i Kroatia er sterkt prega av det italienske kjøkken. Så her er det mange pizzeriaer. Pizzaen var både billig og god. Kjøtet og kyllingen var også godt. Anbefaler restauranten Dubrovka rett utfor gamlebyen.
8/10
Opplevelsar
Gå på muren rundt gamlebyen. Reis til Lopud og slapp av med ein is på stranda. Besøk Cavtat for enda meir avslapping. Leig deg ein bil og kjør til både Bosnia og Montenegro for å krysse av nye byar og land på facebook-applikasjonen din.
9/10
Totalvurdering
8,5/10

Legg igjen ein kommentar