Den store (litt amputerte) Cognactesten
Helge dekka cognactesten:
Vår søken etter kunnskap i Fluidiumens gleder flyt vidare, og 2.juledag var turen komen til overklassens og dei rikes drikk, Cognac stod for tur!
Oppladninga til testen vart noko hard, etter aktivt deltakelse i Julecupen 2006, med ymse skjorter og diverse hattar, var halve laget skadeskutt allereie før start. Då Sand sin representant i testpanelet kasta inn håndkle grunna latskap, og Birkelandsbonden var noko slakk etter ein vel hard oppladning til cupn, så var utgangspunktet for testen heller skralt.
Men det er som kjent ingenting som hjelpar så godt på alt som cognac, av alt som ikkje verkar er cognac det beste sa allti legen min. Så uansett om testpanelet var nåke fåtallig og skralt, så sette me i gang med liv og lyst!
Her kjem våre ærverdige vurderingar og overbevisningar:
Testvinnar: Braastad V.S.O.P – 25 poeng
Eirik:
Skakke! Smakløs. Håpe du ikkje betalte for mye for denna Svandal! Ellr e det Braastad? Blei plutseli betre… Snakte total anderledes ja. Tolliat e de!!!
De luze V.S.O.P – 23 poeng
Svandal:
Spennande Ettersmak! På ein måte, og heller ikkje. Jo! God ettersmak! Relativ mild
Otard V.S.O.P – 22 poeng
Kjellsen:
Litt skarp, men fin etter litt kaffi.
Larsen V.S.O.P – 22 poeng
Svandal:
Sterk, stram smak
Reiv i augene!
Erling Skakke – 20 Poeng
Magnus:
Kveldens dårligaste
J**lig ettersmak.
Vårt kjære kamera, som underteiknande gang på gang har slått seg laus med, kom seg aldri inn fjorden grunna svik frå ein ikkje namngitt gut. Men Fløte fiksa plutseli opp eit kamera frå innerlomma, så nokre bilder vart knipsa for å bevitna vår innsats.
Tilslutt vil eg retta ein takk til:
Magnus: Til tross for stor skepsis til brune drikkar, slo guten til å kjøpte kveldens dyraste cognac.
Fatnes: Stor innsats og utfyllande kommentarar.
Fløte: Drog kamera opp av innerlomma, ivrig og seriøs i vurderinga.
Tom: Flotte terningkast, stabil innsats
Helland: for rask webpublisering, sidan dårli samvittighet etter svikande innsats. ;)
Svandal

2 kommentarer to “Den store (litt amputerte) Cognactesten”
Hilmar skreiv: - 01/08/2007
cognac er bare for nakkar! begynne med fliring og ende med grining
Ole Martin skreiv: - 01/08/2007
Relativt enig på ein ukjent skala.
Legg igjen ein kommentar