volleynytt.net

Lagt til 28.07.2008. Arkivert under: Volleyball

Etter at volleymedia.no blei lagt ned, har det vore vanskelig å holde seg oppdatert på volleyball-relaterte nyheter. Som eit alternativ kan ein nå følge med på volleynytt.net. Volleynytt.net er ei nyoppstarta side, som truleg blir drifta av ein norsk volleyballtrenar.

Sandmoro 08

Lagt til 24.07.2008. Arkivert under: Volleyball

Tirsdag til torsdag var det igjen klart for den fantastisk beachturneringa i Farsund. 9 herrelag og 6 damelag ga grunnlaget for ein skikkelig beachfest. Helland/Helland stilte, og må sei seg nøgd med å ryke ut i semifinalen, sjølv om me var særs nærme å komme oss heilt til finalen.

Gruppespel:
Helland/Helland – Due/Siig 0-2
Helland/Helland – Eithun/Undheim 2-0

Mellomspel:
Helland/Helland – Ingebretsen/Larsen 2-0
Helland/Helland – Fald/Berger 2-0
Helland/Helland – Strømsvåg/Dale 2-0

Semifinale:
Helland/Helland – Berntsen/Spinnangr 1-2

World tour Stavanger

Lagt til 24.06.2008. Arkivert under: Volleyball

Grand slam Stavanger
Da ligg alt til rette for å få med seg et par kampar nede i Vågen.

Mai – et resymé

Lagt til 11.06.2008. Arkivert under: Reiser/Turar Volleyball

På grunn av evig mange klager på lite updates her, har eg valgt å skrive et lite sammendrag av min mai. Statistisk sett har eg faktisk hatt færrast bloggpostar i mai. Det skyldes så mangt. I årets mai var eg bl.a i England, Kroatia, Bosnia og Montenegro. I slutten av april var eg innom Norge, Cuba og Tyskland. Trur faktisk eg var innom 7 land på 9 dagar. Har blitt ein rev på flyplassar. Reven er lur. Her er Oli sin mai på 166 ord:

17mai

1. Mai reiste eg til Oslo for så å reise videre til England på kvelden. 2-5 mai var eg i England med landslaget og spelte ymse treningskampar. 5. mai flyr me til Kroatia. På grunn av veiarbeid må me kjøre gjennom Bosnia for å komme til Montenegro. Etter ca sytten passkontrollar, var me framme i Podgorica. 6. mai taper me 3-0 mot Montenegro i ein fin hall. 8. mai reiser eg tilbake til Stavanger kor me skal spele returkampen i EM-kvalifiseringa. 10. mai taper me igjen 3-0. 11. mai hopper eg på trampoline. Veka etter er eg sjukemeldt, og er stort sett å finne på Pokerstars. På 17.mai tok eg på meg dressen. Eg fant ikkje slipset. Dagen etter hadde eg bursdag. Det var ein rolig dag. Mandagen kom, og det var rolig arbeidsveke etterfulgt av ei rolig helg. Helene kom heim på søndagen! Me hadde laks. 27-28 mai var det kurs i Oslo. Siste helga i mai ga meg et par små brune, ellers rolig.

That’s may folks!

La Habana

Lagt til 03.05.2008. Arkivert under: Reiser/Turar Volleyball

Cuba
Forrige veke tilbrakte eg og Helene på Cuba. Ein fantastisk fin ferie! Det var blå himmel og skyfritt med ca. 30 varmegrader. Havet var varmt, og me var både blide og fjolne.

Då begge lide av spontan kronisk knipsemani, blei det tatt særs mange usedvanlig spesielle bilder. Har nå sortert ut litt, og du kan finne dei i fotoalbumet. Du kan også sjå alle bildene i ei lysbildeframvising. Anbefales.

Akkurat nå er eg i England på treningssamling, og skal videre til Montenegro og spele EM-Kvalifisering neste veke. That’s all folks. Kanskje det komme eit lengre Cuba-referat seinare. :)

Volleyball

Lagt til 31.01.2008. Arkivert under: Volleyball

RIL
Saknar du volleyballnews? Følg med på randaberg.net.