Semifinale NM

Lagt til 24.11.2008. Arkivert under: Volleyball

Spennande resultat

Lagt til 21.10.2008. Arkivert under: Generelt Volleyball

Det blei mykje avisprat her nå. Skitt au. I alle tilfelle, i Aftenbladet mandag 13. oktober kunne du lese at Randaberg enkelt hadde slått Toppvolley. Randaberg slo faktisk Toppvolley 3-0, med de fantastiske settsifrene: 28-30, 21-15, 19-24!

Kanskje dette er noko urbant og hipt. Ikkje vett eg. Har du et forslag?

Kampoversikt 08/09

Lagt til 30.09.2008. Arkivert under: Volleyball

Her er en komplett oversikt over Randaberg sine kamper denne sesongen. Heimekampene er skravert med grått, slik at du lett ser når du skal møte opp i Randaberghallen. Du kan laste ned hele terminlisten på forbundet sine sider.

Elitestævnet 2008

Lagt til 16.09.2008. Arkivert under: Volleyball

På fredag reiser elitestallen til Danmark for å spele det årlige elitestevnet i Middelfart. Randaberg har deltatt de siste åra, og er veldig fornøgd med opplegget danskane har der nede. Turneringa i Middelfart er alltid godt organisert, og har alltid vært prega av svært høgt nivå på dei deltakande lag. I år er intet unntak. Det ser ut til at me har havna i ei tøff pulje. Bl.a med dei danske mesterane Marienlyst, samt Gentofte som feide Førde av bana forrige helg. Under ser du gruppa vår.

Pulje 3: Randaberg, Marienlyst, Gentofte, Aalborg HIK

19.09 kl. 1900: Marienlyst – Randaberg
20.09 kl. 1100: Gentofte – Randaberg
20.09 kl. 1445: Aalborg – Randaberg

Du finner komplett kampoppsettMiddelfart sine nettsider. Som du ser, speler me vår første kamp allerede på fredagskveld. Kjem tilbake med resultat og rapportar undervegs.

Vestcup 2008

Lagt til 14.09.2008. Arkivert under: Volleyball

I helga var det duka for  Vestcup. Det blei to kampar mot Norge 40+ og to kampar mot Toppvolley Norge. På lørdag var det veldig mykje eksperimentering med lagoppstilling. Det blei då et knepent tap mot Norge 40+ (2-3), men klar seier over Toppvolley (3-0).

Under søndagskampane kjørte me ei meir stabil startoppstilling, samtidig som spelet blei bedre. Det enda med to klare seierar (2x 3-0), og totalseier i Vestcup. Du kan sjå alle resultata på Vestcup sine nettsider.

Randaberg sesongen 08/09

Lagt til 10.09.2008. Arkivert under: Volleyball

Så fort det går i orden med jobb, vil eg i den næraste framtid flytte til Bergen. Det var då ein periode aktuelt å spele for andre klubbar enn Randaberg. Men etter ei god stund i tenkeboksen, valgte eg ein ny sesong i randabergdrakta. Ein stor motivasjonsfaktor er at klubben har henta inn ikkje mindre enn tre utanlandske spelarar.

Det er Toplica fra Bosnia, Mladen fra Serbia og Andrus fra Estland. Toplica er hovedsaklig kantspelar, men ser ut til at han kan spele det meste. I tillegg vil han fungere som hjelpetrenar. Mladen vil bli hovedtrenar og oppleggar. Toplica var først på plass, og kjørte treningane i starten. Mladen kom forrige torsdag, og det begynner virkelig å ta form. Estlenderen Andrus kjem i morgen. I tillegg er Tom Harald Mossmann og Audun Hembre nye fjes. Tom er midtspelar, mens Audun blir vår nye libero. Begge fra fjorårets elitelag til TVN. Med så mange forsterkningar, vil det truleg bli stor kniving om ein plass i startoppstillinga.

Dag, Øystein, Paul og Bjarte har trappa ned på innandørssatsinga denne sesongen, mens Martin vil nok pendle litt mellom parkett og sandkorn. Ron Kjetil har også gitt seg, til fordel for Tromsø. For min egen del, må eg legge opp treninga litt sjølv, der eg somme gonger vil bli å finne på Nyborg-trening, mens andre gonger på Randaberg-trening.

Det ser ut til at eg ikkje skal ha ansvaret for nettsidene til Randaberg i år, så då vil du nok finne volleyballrelaterte saker på oli-bloggen i framtida.

Vår første prøving, kjem allereie til helga. Då arrangeras det nemleg Vest Cup i Stavanger idrettshall. Det er kun fire lag som deltar i eliteklassen; Randaberg, Oslo Volley, Toppvolley Norge og Norge 40+. Kampoppsettet finn du på Vest Cup sine nettsider.

Randaberg kjem truleg til å stille med ein spelarstall som ligner på dette: Mladen, Sturla, Ole Martin, Martin (?), Stian, Toplica, Andrus, Jørgen, Tom Harald, Knut, Henrik og Audun.