Aktivitetsdag på Skansen

Lagt til 12.04.2010. Arkivert under: Generelt Reiser/Turar Volleyball

Det tok ca. tre kvarter for værgudane å skifte fra latterlig vintervær til latterlig fint vårvær. I den anledning tok eg og Helene turen opp til Skansemyren for å sjå om netta på volleyballbanane var oppe. Dei var ikkje oppe enda, men me fekk likevel ein særs vellykka aktivitetsdag på sleggebanen. Under ser du eit lite samandrag frå halvtimen oppe på Skansen.

PS: Det blei beach på Sotra seinare på dagen. Ein liten videosnutt fra årets første beach kjem snart.

Toball

Lagt til 19.03.2010. Arkivert under: Volleyball

Toball er ein heilt genial oppvarmingsøvelse. Det foregår slik at to lag spelar mot kvarandre med to ballar. Du server på likt, og må vinne begge ballane for å få poeng. I tillegg finns det ein herlig uskreven regel som gjer at du har lov til litt fleire kreative slag enn i vanlig volleyball.

Det er liten tvil om at det er toball som er nøkkelen til suksess i volleyball. Alle bør spele toball. Helst særs ofte, og særs lenge. Under ser du resultatet av litt testfilming med Flipen av toballen under gårsdagens trening. Du kan sjå filmen i litt bedre kvalitet på Vimeo.

Volleyball

Lagt til 02.02.2010. Arkivert under: Volleyball


Volleyball. Det var volleyball som fekk flest stemmer i undersøkelsen min om kva eg skulle skrive om. Derfor tar eg her ansvar og skriv eit innlegg om nettopp volleyball. Idretten som opptar mykje av fritida mi har ikkje fått all verdens med spalteplass her i det siste. Eg ser tilbake på blogginnlegg frå eit par-tre-fire år sidan og ser at eg nokså hyppig la ut oppdateringar på kva som skjedde i ymse idrettshallar rundt omkring. Kva har skjedd? Eg byrjar vel å bli gammal. Eg er tross alt kun ètt år yngre enn bestefar.

Eg har denne sesongen hatt gleden av å spele på norges beste volleyballag. Eg er utrulig imponert over bredden i Nyborg. Ein kan så og sei bytte ut heile førsteoppstillinga uten å bli nevneverdig svekka. Det er svært sjeldent i norsk volleyball. Lag er som oftest avhengig av èin eller to nøkkelspelerar.

Den 9. januar i år tok eg mitt første NM-gull for senior. Det var etter å ha vunne cupfinalen 3-0 mot gamle lagkameratar i eit flott arrangement i Randaberghallen. Når det gjeld NM-gull for junior, heng dei litt lausare. Dei kom overraskande tett i gamle dagar. I perioden 1999 – 2003 fekk eg med meg seks NM-gull. Om eg ikkje hugser heilt feil, kunne det med litt marginer på vår side fort blitt eit par til.

For ei god tid tilbake fekk eg ei  flott bok av ein særs likandes kar. Mykje av boka handla om å lage lister. Derfor mimrar eg tilbake, og lager ei liste over NM-gulla mine:

  • 1999: NM Kretslag 17 år
  • 2000: NM Junior 17 år
  • 2000: NM Kretslag 17 år
  • 2001: NM for VGS
  • 2002: NM Kretslag 18 år
  • 2003: NM Beach u20
  • 2010: NM Senior

Med årets gull fra 2010, kan eg nå “skryte” på meg å ha NM-gull frå tre forskjellige tiår. Litt usikker på om det er stilig, men uansett.

I etterkant av cupfinalen kom det et meget hyggelig besøk på døra i Bergen. Det var rett og slett ein blomstermann med ein stor og flott blomsterbukett. Dei var sendt fra Suldal Kommune v/ Torkel Myklebust. Takk Torkel!

Ellers er det nå 8 kampar igjen i serien. Der har me has på seriegullet, men det skal ikkje meir enn eit lite feilskjær før Førde er à poeng eller forbi. Så her er det viktig å holde kvaliteten oppe heilt til siste slutt!

Første heimekamp

Lagt til 11.10.2009. Arkivert under: Volleyball

Her er ein liten videosnutt fra seriekampen mellom Nyborg og Randaberg. Nyborg vant kampen 3-1. Helene var flink fotograf og fekk tatt et par videoklipp med digitalkamera sitt. Det er ikkje akkurat høgdefinisjonsfilm, men uansett så er det alltid bra med litt videosnuttar. Me står nå med full pott etter fire kampar. Men heile 16 kampar gjenstår, så her har alle mulighet.

Seriestart

Lagt til 27.09.2009. Arkivert under: Volleyball

I helga starta serien både for damer og herrer. I år speler eg for Nyborg, og me reiste lørdag for å møte Førde i Førdehuset. Me gjorde ein god kamp og fekk pressa Førde så mykje at det resulterte i ein overbevisande 3-0-seier. Dette lover bra! Ellers slo Randaberg BK Tromsø 3-0 i ein kamp der oppmannen Jan Birger Kirkeli måtte steppe inn i midten! Du finn ellers alle andre resultater på poengliga.no og i serieoppsettet på cupassist.com..

Sist helg var me i Danmark og deltok i det årlige Elitestævnet i Middelfart. Me slo Middelfart 3-2 i finalen. På vei mot finalen slo me bl.a dei danske mesterane Marienlyst 3-0 i semifinalen. Etter kampen kom Mizuno bort med videokamera, og eg fekk lagt inn kampen på pcen min. På rekordtid surfa eg gjennom filmen og klippa ut et par ballvekslingar. Resultatet av det ser du under.

Fekk nok av pendling

Lagt til 31.08.2009. Arkivert under: Volleyball

RIL LogoEg fortsatte å spele for Randaberg då eg flytta til Bergen sist haust. Det gjekk både opp og ned, men med tanke på vonde knær og evig mange reisetimar, har eg nå bestemt meg. Eg skal ikkje spele for Randaberg i år. Litt trist, men slik er det ein gong i blant. Etter seks sesongar i Randaberg-drakta (2 bronse og 1 sølv) skal det bli rart å ikkje møte opp i Randaberg-hallen til heimekamp.

Kva skjer nå? Sei det. Eg skal fortsette å spele volleyball. Snart sprettes volleyballsesongen i gang igjen, og då får ein sjå kva drakt eg har på meg.