Europacup i Haukelandshallen

Lagt til 21.10.2010. Arkivert under: Volleyball

Sesongen er i gang

Lagt til 17.10.2010. Arkivert under: Volleyball

Eliteserien 2010/2011 er godt i gang, og Nyborg har allerede spelt tre seriekampar. Me har vunne alle kampane 3-0, så det har vore ei finfin åpning av sesongen.

Under gårsdagens kamp mot Koll var Helene så snill at hu filma litt fra kampen. Så i filmen over kan du sjå ei samling ballvekslingar frå andre og tredje settet.

Ellers er det kun oss og Randaberg som ikkje har avgitt poeng i serien så langt. Tabell og serieoppsett kan du finne på cupassist.

Neste helg venter årets store høgdepunkt. Då er det europacupkamp mot sveitsiske Seat Näfels i Haukelandshallen. Møt opp til kamp lørdag kl. 16! Les meir om dette på http://ecup2010.com/.

Vestcup 2010

Lagt til 20.09.2010. Arkivert under: Volleyball

I helga gjekk den årlige Vestcup-turneringa av stabelen i Stavanger idrettshall. I eliteklassen for herrer var det i år fem lag med – Nyborg, Randaberg, Førde, Norge +40 og Norge U19.

Med fem lag med, blei det gjennomført eit gruppespel der alle spelte mot alle. Èineren og toeren i gruppa spelte til slutt finale. Etter å ha vunne fire kampar med solide siffer, var me klare for finalen. Det såg lenge ut til at det blei mot Førde, men då Førde tapte for både U19 og Norge +40, blei det til slutt Randaberg.

Etter ein dominerande siger mot Randaberg i gruppespelet, må det vel seias at me var store favorittar til å dra i land sigeren i finalen. Men Randaberg hadde verkeleg fått sving på sakene, og spelt inn ein solid første-sjuer. Med eit heilt eksepsjonelt mottaksspel av Audun og Gøran, blei det vanskelig å ta dei viktige ekstrapoenga. Randaberg vant til slutt 3-2.

Du kjenner godt det å spele fem kampar på to dagar, og ein merka at litt av konsentrasjonen og “futten” var borte under finalen.

Sjekk vestcup.com for fullstendige resultat.

Sydenstemning på Sletten

Lagt til 16.05.2010. Arkivert under: Volleyball

Det har blitt særs mykje beach i det siste. Faktisk meir enn aldri før. Trur eg. Etter å ha rutinert deala inn til beach, møtte me opp på Skansen til full aktivitet. I òg med at det var ein VM-spelar som var på banen, fant me omsider ut at me ikkje ville hive dei vekk. Derfor kom me kjapt til enighet som å sjekke ut Sletten. For et valg! Me kom til Sletten litt over 11. Ikkje eit menneske, nydelig vær, mjuk og god sand (kanskje litt for mjuk?) og ellers perfekte omgivelsar. Det var faktisk så voldsomt at ein av oss kom med uttalelsen om å lage nettstedet aldrimeirskansen.com.

Sanden var så mjuk og god at me til tider glømte ut å spele ball. Eg ville f.eks mykje heller stå på hendene, eller å liksom-slenge meg etter ein ball. Etter at gledesrusen hadde letta litt, begynte me å spele. Eg hengte opp Flip-en i eit håndballmål, og det var klart til kamp.

Litt stress å gå gjennom to timar med videomateriale for så å velge ut det  beste. Dette er eit slags tilfeldig sammendrag. Når det gjeld resultatet, kan ein vel nevne at dei gamle fortsatt er eldst. Ellerno.

Litt beach

Lagt til 16.05.2010. Arkivert under: Volleyball

Eg var ivrig å ta med kamera på de første øktene på Skansen. Det har etterkvart blitt eit par videsnuttar. Under kan du sjå eit lite samandrag frå den eine dagen. Resten av filmane finn du på profilen min på Vimeo. Husk at du også kan abbonere på filmane eg legg ut der.

Årets første beach

Lagt til 12.04.2010. Arkivert under: Generelt Volleyball

Det blei ein rekordtidlig sesongstart i år. I strålande sol og flotte omgivelsar blei første beachøkt gjennomført på Sotra. Det var også første gang eg testa den nye ballen. Den virka litt meir indoor-ish, men likevel relativt grei å hanskas med. Ein fin ny lekeball!