Etter den store suksessen med “den store vodkatesten“, var det på tide med ein ny fludiumstest. Det blei tidlig avgjort at testpanelet skulle gjennomføre ein “bruntest”. Men kva? Cognac og Whisky blei annonsert som testbatteri. Grunna økonomi og diverse årsaker, blei det omgjort til ein rein whiskytest. Dette har fleire fordeler; bl.a at det er åpning for ein egen cognactest seinare.
Desse sortane whisky vart testa:
- Jack Daniels
- Glenfiddich
- Ballantine’s finest
- Tullamore Dew
- Jameson
- Famous Grouse
Me opererte med ein karakterskala frå 1 til 6. Me testa både lukt og smak. Her har eg slått samen kvar enkelt testpersons karakter til èin og satt det inni klammer bak kommentarane.
Les heile artikkelen »