Dropbox

Lagt til 01.12.2009. Arkivert under: Teknologi

Dropbox tilbyr superenkel fildeling. Du installerer ei lita fil på datamaskinen,  og får da opp ei mappe i utforskaren din. Denne mappa blir akkurat som ei vanlig mappe. Installerer du dropbox på fleire maskinar, vil dropbox-mappa være lik overalt.

Etter å ha testa det litt, opplever eg at det heile er veldig kjapt og fint. Samtidig får du òg tilgang til et smooth webgrensesnitt, der du kan behandle filene dine. I tillegg til fildeling, får du backup i ein fei! Legg du til ei fil i mappa på den eine datamaskinen, er det snakk om sekund før den er tilgjengelig på den andre.

Per i dag tilbys det 2GB lagring med gratisversjonen av Dropbox. Får du vennene dine til å bruke Dropbox, kan du maks få 3GB gratis. Bruk gjerne denne linken når du skal registrere deg.

Du kan bruke Dropbox til utrulig mykje. Bl.a webserver og fotogalleri. Tips og triks finner du i Dropbox-Wikien

For å demonstrere kor enkelt det heile er, har eg her tatt et par skjermbilder. Et fra PCen heime som kjører Windows 7, et av PCen på jobb som kjører Windows XP, og til slutt et av webgrensesnittet.

Les heile artikkelen »

Black friday 27. november

Lagt til 24.11.2009. Arkivert under: Generelt Teknologi

Apple Store har vel omtrent aldri tilbud og/eller salg. Men èin dag i året slår de av på prisen – nemlig på Black Friday. I år som i fjor arrangeres Black Friday ca rundt èin månad før julafta. Kanskje ein flott mulighet til nokre julepresangar?

Google Wave-invitasjonar

Lagt til 22.11.2009. Arkivert under: Teknologi

Google Wave
Eg har åtte Google Wave-invitasjonar å gi bort. Skriv ned e-postadressa di i kommentarfeltet og du vil motta invitasjon. Dette skjer mest truleg etter første-mann-til-mølla-prinsippet.

iPod shuffle 3G

Lagt til 01.11.2009. Arkivert under: Teknologi Testar

iPod Shuffle 3G

Var innom Kastrup flyplass ein times tid i helga. Da åpna muligheten seg til å bruke den danske tohundre-lappen eg hadde liggande. Et headset til mobilen hadde vore flott, tenkte eg. Til slutt kom eg ut av butikken med ein iPod shuffle. Litt meir enn tohundre kroner. Men. Nå har eg iallfall ein iPod shuffle 3G.

Designet på denne litle mp3-spelaren er overlegent. Den er latterlig liten og solid, med et frekt ytre der du kan velge mellom fleire forskjellige fargar. På iPoden finner du èin knapp. Med den kan du slå den av, sette sanger i tilfeldig rekkefølge, eller etter kvarandre. Ellers må du gjere resten av navigeringa på det medfølgande headsettet. På baksida finner du ein solid klips, slik at du kan feste iPoden til buksa, genseren, eller der du måtte ønske. Ein anna nyhet er VoiceOver-funksjonen. Sidan det ikkje er display på dingsen, kan du nå høyre ein stemme som fortel kva sang og artist som speler. Du kan også skifte spelelister. F.eks om du har spelelister for kvart album du legg inn, kan du då relativt lett skifte til ønska album.

I òg med at det ikkje er navigeringsknappar på sjølve iPod-en, må du foreta navigeringa via headsettet. Eg syns det var veldig enkelt og greitt. Det er volumknapper, samt ein multifunksjonsknapp i midten. Trykker du èin gong betyr det pause. Dobbelklikk er neste sang. Trippelklikk er forrige sang. Holder du inne får du informasjon om kva sang som blir spelt av.

Navigeringsknapp

Etter å ha testa den litt den siste dagen, har eg kome fram til at den passer ypperlig som treningskamerat. Den er så lett og liten at du nesten gløymer den ut. Samtidig fungerer VoiceOver overraskande greitt. Til bruk som heiltids mp3-spelar, vil eg ikkje anbefale denne pga av mangel på skjerm. Men som ein slags tilleggsspelar til trening og evt. anna aktivitet passer den perfekt. Til slutt kan eg nevne at eg syns lydkvaliteten var merkbart bedre enn på dei forrige iPodane eg har prøvd.

Her er et par bilder fra kva som følgte med i pakken, samt et av Shuffle saman med Apple Remote og ein iPod Nano. Det som følger med er ein liten og hendig datakabel som lader og overfører, og sjølvsagt iPod med headset. Du får iPod Shuffle 3G i 2GB og 4GB. Sjekk prisguiden for prisar.

Digital kabel-tv på Mac Mini

Lagt til 23.08.2009. Arkivert under: Teknologi

Mac MiniHar i det siste lekt litt med tankten om å få tv-kanalane inn på min Mac Mini, som eg bruker til mediasenter. Det å kunne lett bytte over til ein tv-kanal uten å gå gjennom “alt stresset” med å bytte source på TVen osv, det hadde vært både praktisk og stilig. Men etter at de digitale signala har tatt over, er det ikkje lenger bare å kjøpe et tv-kort, for så å stappe inn den analoge antenna. Samtidig som Elgato, den mest kjente tuner-produsenten til Mac, ikkje leverer DVB-C-mottakar, blir det plutselig enda litt meir stress. Etter ein del research har eg kome fram til følgande forslag:

Les heile artikkelen »


Vis større kart
Har lekt litt rundt med mobilen min de siste dagane, og finner stadig ut nye ting. Etter å ha lest artikkel om geotagging på nrkbeta.no, måtte eg sjølv prøve å plassere bildene på kartet. Kartet over er et resultatet av sykkelturen min i går.

For å oppnå resultatet som vist over, gjer du følgande. Eksporter treningsøkta i Nokia Sports Tracker til gpx og overfør den til PCen. Deretter laster du ned GpicSync gratis og følger instruksjonane (nrkbeta.no). For korrekt google maps-eksport, kan det være ein fordel å lese instruksjonane på GpicSync sine nettsider.