Ein god start på dagen

Lagt til 25.08.2011. Arkivert under: Generelt Teknologi Testar

Etterkvart har det blitt ein del stæsj i heimen. Dette stæsjet kan, om brukt rett, gi ein god start på dagen. Her kjem eit slags bildeeksempel.

IMG_2245

Det starter med den vel brukte Wake-up ligthten. Har brukt den omtrent kvar dag i tre og eit halvt år. Den fungerer like godt enda!

IMG_2244

Samtidig som lyset går mot sitt sterkaste startar alarmen på Squeezeboxen. Den står innstilt på å starte Rolig-spelelista mi i Wimp. Ein kurant kombinasjon.

IMG_2240

Etter å ha gradvis blitt vekka av lys og John Mayer, rusler ein ut på kjøkkenet og merker at den nykverna kaffien fra i går kveld er blitt trakta. Perfekt.

IMG_2234

På ekstra flotte dagar, kan ein i tillegg starte brødbakemaskinen, slik at du kan kombinere den ferske kaffien med ferskt brød.

IMG_2253

Som ein slags prikk over noko, kan du og fyre opp dagens ferske avis på fjøla. Då er du klar for å ta fatt på dagen.

Min heimekino

Lagt til 20.08.2011. Arkivert under: Film/TV Teknologi

I vår/sommar eg stort sett gjort ei oppgradering av alt kva gjeld lyd og bilde i heimen. Her er et par bilete.

IMG_2198

Her er eit oversiktsbilde over mediabenken. TVen er et Samsung PS59d555. Plasma og 3D. Perfekt for film. HTPC er ASrock Vision 3D som kjører XBMC med reFocus-tema.

Receiveren er ein Onkyo TX-SR608 der eg har kopla til Harman Kardon HKTS 20 høyttalar og sub.

Til musikk kjører eg Wimp via Logitech Squeezebox rundt om i heile heimen.

IMG_2180

Bruker XBMC Commander på iPad for å bla gjennom filmar, tv-seriar, starte youtube-videoar, starte filmar osv.

IMG_2186

Sofa og bakhøyttalerar.

IMG_2209

Her ser du alt utstyret når dørene er oppe. Mykje rot.

Veggfeste til iPad for under ti kroner

Lagt til 08.02.2011. Arkivert under: Teknologi

I dag kjøpte eg veggfeste til iPad-en for under ti kroner. Etter litt research på nettet såg eg at nokon hadde brukt nokre sjølvklebande krokar til å henge opp fjøla. Det måtte eg prøve.

Eg kjørte innom Biltema på veg heim frå jobb og drog med meg eit par krokar. Eg hengte dei opp, og det fungerte overraskande bra! Du kan lett sette iPad-en i, og lett ta den ut.

Nå kan eg sjå på film, ta tida på risen, sette på musikk, lese aviser, sjekke oppskrifter og alt mulig anna mens eg styrer på kjøkkenet. Genialt! Veggfeste eg tenkte på i utgangspunktet koster femti gonger så mykje, så ein kan leve med at ein ser litt av krokane.

Heimeunderholdning

Lagt til 01.08.2010. Arkivert under: Film/TV Teknologi

Eg har alltid vore relativt interessert i å ha ei god ordning for å spele av film og musikk. I dag finns det et hav av muligheter for korleis ein kan ordne det. Nå vil eg presentera den løysinga me har i leiligheten vår. Eg deler det opp i to forskjellige avsnitt. Eit om  film, og eit om musikk.

Les heile artikkelen »

Gorillapod

Lagt til 20.05.2010. Arkivert under: Generelt Teknologi

Gorillapod er eit praktisk kamerastativ du kan feste stort sett overalt. Det er produsenten Joby som står bak. Har du eit kamera eller videokamera, må du rett og slett ha ein gorillapod. Under ser du videokamera mitt festa på rekkverket rundt den eine beachbanen på Skansen.

Du får dei i mange forskjellige størrelser, og kan kjøpe dei på dei fleste elektrobutikkar. Eg kjøpte min på Japan Photo.

Facebook like button

Lagt til 10.05.2010. Arkivert under: Generelt Om sida Teknologi


Nå kan du like postane eg legg ut her. Kanskje ei slags prøveordning. Fungerer det forresten?