Surfest* på Bore

Lagt til 17.10.2005. Arkivert under: Surfing

Surfehelg
I helga var det tid for ei helg som seint blir glømt. Mads hadde invitert ein god gjeng fra Norges idrettshøgskule til å bli med på surfetur til Jæren. Med strålande vær og godt humør, blei det fullklaff. Ettersom kamera mitt fortsatt har det litt vondt, måtte eg ty til mobilkamera. Litt ymse bildekvalitet i mørkret, men det får ein vel klare å leve med.

Hans Magne har skrevet litt om turen, samtidig som han også har lagt ut ein del bilder som Kjetil tok. Mine bilder kan du sjølvsagt finne i fotoalbumet.

*’Surfing’ og ‘fest’ blei heilt uanmeldt slått samen til dagens ord; Surfest.

Aktiv surfeveke

Lagt til 24.09.2005. Arkivert under: Surfing Volleyball

seleVar ute tre dagar på rad i veka. Fekk knipsa litt bilder ifrå Sele, heilt til kamera plutselig ikkje ville meir. Meinte det ikkje fekk vatn på seg, men kanskje det var ein liten kombinasjon av litt vatn og litt sand. Skal nå prøve å få det på garantien, men tviler egentlig. Vidare var me på Hellestø og Bore. Eg storkoste meg på Hellestø, der det var fin sandstrand og langgrunt. Surferane som har vore i aksjon denne veka er meg, Olav, Bjarte, Kjetil, Mads og Ivan. Åtvaring

Nå har me nettopp spelt oss til to seirar i Vestcup, og då skal det feirast med lammelår med noko attåt. Drange & Helland sine kokkeleringskunnskaper ser ut til å sprenge alle forhåndsdefinerte grenser. :-)

Bilder:
Sele – 22.september

Ein formiddag på Reve

Lagt til 06.09.2005. Arkivert under: Surfing

oli surfeEtter at ei dame på surfsentrum hadde sendt melding til Ivan og sagt at det ikkje fantes ei einaste bølga på sjøen, måtte me likevel leite. Etter ein fin kjøretur langs kysten, fant me pigade et par bølger på Reve. Det var ikkje store greiene, men fine nok bølger for meg som nybegynnar. :–) Kamera til Ivan kom frå det med skrekken, og overlevde såvidt et par våte turar. Nå må nåken snart kjøpe sånn undervannshus, slik at det kan bli heftige actionbilder til sjøs.

- Sjå resultatet av dagens fotografering.

I bølgene med nytt brett!

Lagt til 31.08.2005. Arkivert under: Surfing

nytt brettIdag gjekk eg det siste skrittet og kjøpte meg ein surfepakke. Der var både våtdrakt, sko, hansker, hette, voks, genser og selvfølgelig et New Surf Project-surfebrett inkludert.

Eg, Hans Magne, Bjarte og Kjetil var på Bore ikveld. Til tider mange bra bølger, men mistenker Bore for å ha mange mystiske undervannsstrømmar, for det er et fæla kav å komme seg fram i vatnet. Kom meg sånn delvis opp på brettet inniblant, så nå er det bare å øve. Imårå kommer Gjermund til Stavanger og er klar for å slå seg på bølgene. Han gleda seg som ein unge, og skulle rett ned på surfsentrum å handle seg brett. :–)

Ein søndag på Bore

Lagt til 21.08.2005. Arkivert under: Surfing

Surfegjengen

Meg, Olav, Hans Magne, Bjarte og Ivan var ein tur på Bore idag. Cato var med som ivrig tilskodar og fotograf. Imorgen trur eg dessverre at eg må levere inn brettet mitt, klarte å fikse ein god deal på fem dagar. Det blir fort dyrt om du skal leige deg brett kvar gong. Idag gjekk det alt for lang tid mellom kvar bølge, derfor blei det mykje dødtid, og ekstremt med unødvendig padling. :–)

Surfedebuten

Lagt til 18.08.2005. Arkivert under: Surfing

SurferboyIdag blei eg med surfegutta ut til Borestranda for å prøve dette sjølv. Lånte våtdrakta til Hans Magne, og lånte eit langt brett på Surfsentrum. Det skulle visst være lettare med et så stort brett. Med godt mot padla eg meg utover på jakt etter godbølgene. Begynte vel aldri heilt å få ting til, men klarte faktisk å komme meg oppå beina eit par gonger. Ellers var det greitt å bare ligge på brettet å surfe bølger også. :–) Det var meg, Bjarte, Kjetil og Ivan som tok turen. Kjetil hadde med seg ein nyinnkjøpt drage, som også vart testa på den flotte stranda. Noko skeptisk holdt eg god avstand, då dragen styrta ned i sanden opptil fleire ganger. Til slutt hadde dei vel rimelig god nok kontroll til at eg kunne holde meg sånn nokonlunde i nærheten…

Om du vil, kan du sjå eit par bilder frå begivenheten.