Innlegg arkivert under: 'Surfing'
Vårsurf

Det var friskt på Bore på søndag. Men fin naturslossing.
Januarsurf
08:30
Vært oppe et par minutt og setter igang med å lage egg og bacon. Kaffetraktaren var allerede stilt inn på 08:15, så den stod selvfølgelig klar. Rundt ein halvtime seinare var det strålande frokost i GD1. Det pøsregner ute. Eller. Det hagler. Knut er posititv. Ivan er positiv. Eg syns det var godt med frokost. Værmeldinga på nett vitna om mykje vind. Det skulle bli bedre i 11-12-tida.
11:00
Har funne fram våtdrakt og ymse tilbehør. Me kjem oss avgårde. Kjører langs kysten og speider etter gode forhold. Me enda opp på Solastranda. Slengte på oss utstyret og sprang ut i sjøen. Her skulle det surfes. Fekk et par fine turar. Var kjekt å få plaska litt i vatn igjen. Det var ekstremt lenge si. Ryggen skapte seg ikkje, så det gjekk bra.
14:00
Me gir oss. Overdrevne frosne fingrar var i hovedsak min grunn. Var litt mykje vind, så det blei litt kav å kome seg ut. På veg heim mot GD1 blei det stopp på Kiwi, der ymse varer blei kjøpt inn. Fekk tatt et par bilder, som nå ligger ute i fotoalbumet. Nå er klokka halv fem, og tidenes storm er igang. Godt me ikkje var ute nå. Eller. Det var vel like gale då me var der også. Surfs up!
Surfest #2

Gjengen til Mads bestemte seg for å igjen prøve seg på bølgene langs strendene på Jæren. Med flott vèrvarsel og godt humør, låg alt til rette for ei strålande helg. Bølgene var store og fine heile veka, men dei _avtok_ ganske kraftig til helga. Det var kun på lørdag det var mulig å surfe, men det var til gjengjeld ein flott dag.
Som alltid når det blir Helgefyll, er det han (Helge) som tar kontroll over kamera mitt. Det resulterer som vanlig (?) i mange blinkskot.
Årets første surf
Årets første surf tok plass på Borestranda i ettermiddag. I regnvêr og litt vind kjørte eg, Mads og Olav med friskt mot i retning bølgene. Bølgene var greie nok, men grunna et rygg/hofteparti som er lite samarbeidsvillig, blei det kun et par turar. Men alt i alt var det godt å kome seg ut i vatnet igjen. Fant iallefall ut at det er nokså friskt til havs i Mars.
Ride the wild surf
Gjermund blei idag kåra til dagens mest uheldige mann.
Nå som vinteren nærmar seg, begynner (som sagt) bølgene å ta seg kraftig opp langs strendene på Jæren. Og når bølgene blir store, kan ting gå litt vilt for seg for oss nybegynnerar. Ved plutselig uanmeldte store bølger, kan du oppleve litt vasking. Gjermund fekk seg et par trøkkar idag. Først gjekk han rett i botn, og blei litt ‘øren’ i hovudet. For så å etterpå få sitt eget brett rett i pannen etter ein liten vasketur. Et lite (eller litt større?) kutt vart resultatet. Ambulansemann Ivan hadde litt forskjellig småknask i bilen sin, og fekk delvis ordna opp i det. Hadde ‘mossen’ hatt skikkelig uflaks, hadde han vel ramla ned herifrå også. Men det gjekk heldigvis godt.
Ellers kan eg meddela at det fortsatt er varmt og godt i vatn og luft, slik at ein slepper å bruke hette. Observerte faktisk fleire der ute som verken brukte sko/sokker, eller vetter/hanskar, men det syns eg var litt vel dristig så seint i oktober.
Tittelen på dagens post kom frå den sikkert meget gode filmen “Ride the Wild Surf” frå 1964. Ein 40 år gammal surfekomedie har eg verkeleg trua på. ![]()
Her kommer (kanskje) vinteren

Fordi om vinteren nærmar seg med stormskritt, er surfesesongen langt fra over. I følge rutinerte bølgeridderar, er det visst om vinteren surfinga er best her i landet. Men uansett kor bra forhold det blir, vil det uansett bli fryktelig kaldt i vatnet.
Var ute på Bore igår, og ein kjente godt det kalde vatnet i ansiket. Kanskje snart på tide å ta i bruk den fancy hetta som fulgte med i surfepakken. Men ifølge Storm Weather Center vil me kunne få temperaturar opp mot 23 grader på vestlandet imorgen, så då kan me forhåpentligvis vente litt til med å utstyre seg med topp-til-tå-utstyr ![]()
Surfest* på Bore

I helga var det tid for ei helg som seint blir glømt. Mads hadde invitert ein god gjeng fra Norges idrettshøgskule til å bli med på surfetur til Jæren. Med strålande vær og godt humør, blei det fullklaff. Ettersom kamera mitt fortsatt har det litt vondt, måtte eg ty til mobilkamera. Litt ymse bildekvalitet i mørkret, men det får ein vel klare å leve med.
Hans Magne har skrevet litt om turen, samtidig som han også har lagt ut ein del bilder som Kjetil tok. Mine bilder kan du sjølvsagt finne i fotoalbumet.
*’Surfing’ og ‘fest’ blei heilt uanmeldt slått samen til dagens ord; Surfest.
Aktiv surfeveke
Var ute tre dagar på rad i veka. Fekk knipsa litt bilder ifrå Sele, heilt til kamera plutselig ikkje ville meir. Meinte det ikkje fekk vatn på seg, men kanskje det var ein liten kombinasjon av litt vatn og litt sand. Skal nå prøve å få det på garantien, men tviler egentlig. Vidare var me på Hellestø og Bore. Eg storkoste meg på Hellestø, der det var fin sandstrand og langgrunt. Surferane som har vore i aksjon denne veka er meg, Olav, Bjarte, Kjetil, Mads og Ivan. 
Nå har me nettopp spelt oss til to seirar i Vestcup, og då skal det feirast med lammelår med noko attåt. Drange & Helland sine kokkeleringskunnskaper ser ut til å sprenge alle forhåndsdefinerte grenser.
Bilder:
Sele - 22.september
Ein formiddag på Reve
Etter at ei dame på surfsentrum hadde sendt melding til Ivan og sagt at det ikkje fantes ei einaste bølga på sjøen, måtte me likevel leite. Etter ein fin kjøretur langs kysten, fant me pigade et par bølger på Reve. Det var ikkje store greiene, men fine nok bølger for meg som nybegynnar. :–) Kamera til Ivan kom frå det med skrekken, og overlevde såvidt et par våte turar. Nå må nåken snart kjøpe sånn undervannshus, slik at det kan bli heftige actionbilder til sjøs.
- Sjå resultatet av dagens fotografering.
I bølgene med nytt brett!
Idag gjekk eg det siste skrittet og kjøpte meg ein surfepakke. Der var både våtdrakt, sko, hansker, hette, voks, genser og selvfølgelig et New Surf Project-surfebrett inkludert.
Eg, Hans Magne, Bjarte og Kjetil var på Bore ikveld. Til tider mange bra bølger, men mistenker Bore for å ha mange mystiske undervannsstrømmar, for det er et fæla kav å komme seg fram i vatnet. Kom meg sånn delvis opp på brettet inniblant, så nå er det bare å øve. Imårå kommer Gjermund til Stavanger og er klar for å slå seg på bølgene. Han gleda seg som ein unge, og skulle rett ned på surfsentrum å handle seg brett. :–)