I helga var eg for første gang på tur saman med Happy Hunters. Eg hadde sikta meg inn på å delta på denne turen ei god stund. Eg fekk nemleg nyss i at det ikkje var lange gåturen. Med ein slik knapp gåtur, kan ein utan særs problem laste sekken full av ymse godsaker.
Som den turvante fjellgeita eg er, hadde eg sjølvsagt utstyret i orden. Iallfall dagen før. Med flunka nytt telt, pluss ein god del andre turgadgets, var eg over middels klar for festival på fjellet.
Her ser du teltet mitt slått opp på Pøylånå. Me kom til teltplassen rundt kl 23. Me parkerte bilane ved Skreivassdammen. Etter ca ein time med lett valsing var me framme.
Eg fekk fiska mykje, men sjokkerande nok fekk eg ikkje fisk. Eg fekk likevel øvd på å kasta særs langt. Langt inn i Aust-agder. Totalt blei det vel dratt opp ti fine fisk på åtte festivaldeltakerar. Knut (hilmar1) diska opp med et par fjernsynskjøkkenskills eg knapt har sett make til. Eit utsøkt fiskemåltid blei fordøyd på lørdagskvelden. Tommel opp!































