Asfaltkaffi

Lagt til 07.07.2006. Arkivert under: Nattevakt

Det er stadig nye utfordringar i baren. Idag måtte eg slå til med ein irsk kaffe, dog nokså uvitande om korleis ein skulle lage dette. Ei lita oppskrift gjorde underverker, og den irske kaffien kom til syne. Den såg fantastisk god ut. Trur eg må lage ein slik til meg sjølv ein dag.

Det har vore travelt idag, men nå tar eg meg ein liten pause før eg skal slå til med frukosten. Sveipa akkurat innom dagbladet, og fant ein liten herlig ting. David (15) uttaler seg fint om forskjellen mellom å vokse opp i byen og bygda. Her er 5 synspunkt saksa frå db.no:

Berfin (19) tror ungdommen i byene utvikler personligheten raskere.
Azitah (18) etterlyser flerkulturelle bygder.
Stine (17) tror ungdommen i byen blir mer selvstendig.
David (15) mener bygda trenger mer asfalt.
Marte (17) mener byungdommen lever mer sosialt.

Blant fire ålreite påstander, syns David rett og slett at bygda treng meir asfalt. Det var nok for denne gang. Ha ein fortsatt kjørbar dag.

Snowball

Lagt til 06.07.2006. Arkivert under: Nattevakt

Idag måtte eg lage to drinkar; Snowball og Dry Martini. Dette hadde eg aldri vore borte i før, men dei gjeldande vart nøgde og skrøyta av drinkane (kva ellers skulle dei gjere?) - storveis! Ellers har eg prøvd å halde ord, det er nemleg blitt oppretta ein eigen bloggkategori; “Nattevakt”.

I natt er det mange som bur her på hotellet. Derfor må nattevakta steike mange brød og egg (plutselig steiker eg egga også, men dei skal vel kokast – ellerno). Det store spørsmålet er om han kan takle dette store brød- og eggpresset. Frukosten skal vera klar til 06:30. Klokka er nå 03:43, så eg har enda litt tid til å klargjere hjernen på dette her.

For utan om nattevaktrelaterte saker og ting, er det fullt kjør om dagen. Nå som touren (tour de france) er igang, er som regel tidsrommet 14:00 – 17:30 avlagt til det. Midt oppe i poengtrøyer og diskvalifikasjonar er det jammen meg også et fotball-vm som går mot slutten. Heia Ghana.

Nattevakt

Lagt til 03.07.2006. Arkivert under: Nattevakt

Har begynt å jobbe som nattevakt på Ryfylke turisthotell. I skrivande stund og alt det der, sitter eg på kontoret i resepsjonen og nattevakterer. Idag er mi første natt aleine, og det har så langt gått strålande. Så lenge det ikkje komme kverulerande gjester, eller kjøla tar kveld, trur eg dette skal gå bra. Trur faktisk dette er del 1 i ein omfattande nattevaktblogg (?), men har vel egentlig litt problemer med å tru det.