Kakao på 1-2-3

Lagt til 28.12.2008. Arkivert under: Mat og drikke

kakao
Unn deg noko godt i jula, og lag deg ein kjapp kakao til alle lefsene. Først må du finne fram den gode gamle Regia-kakaoen du har hatt ståande i skapet dei siste fjorten åra som aldri går ut på dato.

Ingredienser (ca 4 koppar)

- 4-6 strøkne ss Regia drikkekakao
- 4-5 strøkne ss sukker
- 1 liter melk

Kakao

1. Bland kakao, sukker og litt av melka i ei gryte. Kok opp blandinga mens du rører.
2. Spe på resten av melka. Rør i kakaoen til den når kokepunktet.
3. Mens du drive på med dette her kan det være lurt å begynne på kremen!

Krem

1. Finn fram kremfløyte og ein del sukker.
2. Grav fram miksmasteren, og begynn å visp fløyten og sukkeret i ei bolle.
3. Pass på å stopp i tide, slik at det ikkje blir smør.

Kos deg!

God jul!

Lagt til 24.12.2008. Arkivert under: Generelt Mat og drikke

Potet- og grønnsaksansvarlig i full gang med kålrotstappa. Han får tilstrekkeleg rettleiing av ho med det overordna ansvaret. Med det vil eg ønska alle mine lesarar ei rektig god jul!

Denne metoden blei testa ut rett etter tusenårsskiftet, og det skulle ta lang tid før eg kasta meg ut i det igjen. Speilegg i toastjernet er rett og slett genialt. Det går fort. Det blir lite søl. Du slepper å vaske opp steikepanna.

Les heile artikkelen »

Pannekaker på 1-2-3

Lagt til 05.11.2008. Arkivert under: Generelt Mat og drikke

Har du lyst på noko godt, men orker ikkje ut å handle? Då foreslår eg et par kjappe pannekaker. Men du trenger fortsatt et par ingredienser. Endevend kjøkkenet, og ta opp jakta på melk, mjøl, sukker, egg og salt. Dersom du fant alle ingrediensene, er pannekakene snart innen rekkevidde. Du er klar!

Les heile artikkelen »

Julebrustest 2008

Lagt til 01.11.2008. Arkivert under: Mat og drikke Testar

Julebrusen har for lengst (!) hatt sitt inntog i butikkane, og det er på tide å teste årets sortement. Etter forrige test, møtte eg massiv kritikk på grunn av å ha testa ein brun julebrus. Attpåtil stakk den av med sigeren. Men eg prøver meg igjen. Årets test inneholder èin brun og fem røde. Flaskene blei kjøpt inn på Rema 1000 Paradis og Meny Nesttun. Følgelig er det derfor fleire julebrusmerke som ikkje har fått plass i testen.

I alle tilfelle, følgande klassikarar blei testa: Hansa julebrus, Lerum julebrus, Volda Mineralvatn julebrus (Bringebærsmak), Ringnes julebrus, Hamar Lillehammer bryggeri julebrus (brun) og Grans julebrus

Les heile artikkelen »

Moreller

Lagt til 29.07.2008. Arkivert under: Mat og drikke

Moreller
I går kveld blei det inntatt store mengder moreller. Det var godt. Moreller er visst i slekt med plommene, og nokre utvalgte like å kalla dei søtkirsebær. Det er både mørke og lyse moreller. Dei mørke er forholdsvis store, og har ein mindre stein enn dei vanlege morellene. Det er mest vanleg å eta morellene rett frå naturen, men funker også fint til dessertar. Morellene har særs kort holdbarhetstid, så her er det bare å sluke i seg. Jaksjemasj! I tillegg til at det er knask å gafla på, inneheld dei mykje A-, B- og C-vitamin, samt ein heil del mineraler, då særleg jern og fosfor. Ryktene tilseier at det er relativt lite kalorier i dei også.

Det var dagens sommartips. Ha ein fortsatt varm dag!