Ananas

Lagt til 13.04.2011. Arkivert under: Mat og drikke

Det er ikkje lenge sidan eg hata ananas. Eg hata det. Det var totalt usannsynlig å ha ananas på pizza. Eller i salaten. Det var noko herk.

Sommaren 2009 skjedde det noko. På stranda i Spania sprang det rundt ein festleg jodlar og gauka om “vitaminos, manana, ananas, vitaminos”. Han solgte ananas. Fersk. Det var skikkelig godsaker! Det kan jo ikkje vera ananas? Det var nok det.

Så no er det kun fersk ananas som gjeld. Vanleg går til nøds. Med eit flott ananasverktøy får du ut det du vil ha enkelt og greitt. Det koster ca. 30 kr på din nærmaste butikk.

Det har faktisk gått så langt at eg vel hotell etter om de har ananas på frokosten eller ei. Stilig. God onsdag!

Heimelaga sushi

Lagt til 03.02.2011. Arkivert under: Mat og drikke

Sushi er blitt ei voldsom motegreie. Alle skal ha sushi. Akkurat som då alle skulle ha taco. Eller pizza. Eller gå med nakkekrage. Nå er det iallfall sushi.

Men skal du ete deg god og mett, kan det fort svi litt i  portemoneen. Her finns det ei råd. Du kan nemlig lage sushien sjølv. Bilete under er eit perfekt eksempel på at heimelaga sushi kan være vel så stilig som restaurant-sushi.

Tusen takk til Helene og Janne som stod for denne usedvanlig delikate kveldsmaten.

Biff tartar

Lagt til 21.10.2010. Arkivert under: Mat og drikke

Biff tartar er kjøtet sitt svar på sushi. Rå karbonadedeig er tingen! Legg på litt sylteagurk, rødbet, løk og egg – og du har alt du treng for eit litt uvanlig gourmetmåltid.

Det spesielle med biff tartar er at alt skal være rått. Ja – kjøtet skal være heilt rått. Det samme skal egget. Stilig? Eg var iallfall litt skeptisk. Men som ivrig ete-på-kjøttdeigen-mens-me-brune-den-entusiast, var det egentlig ingenting å frykta.

For å tilberede et måltid med biff tartar treng du følgande.

  • Karbonadedeig
  • Rødbeter
  • Sylteagurk
  • Løk
  • Egg
  • Brød, helst kneip

Når du har alt du treng, er det bare å kutte opp rødbetane, sylteagurken og løken opp i små terningar. Deretter må ein skille eggeplommene fra eggekviten. Legg karbonadedeigen opp ned og lag ruter i den, som du ser på bildet under. Til slutt kan du tilberede det heile på ein tilnærme måte som vist på bildet øverst i innlegget. Husk å smell litt peppar-greier på toppen.

Lyst til å prøve ein litt sjelden matrett. Slå til! Det var faktisk kjempegodt.

Vinterstemning

Lagt til 20.10.2010. Arkivert under: Generelt Mat og drikke

På dagen i dag, den 20.10 2010, kom eg i akutt vinterstemning. I dag har den første snøen landa, og bilen har fått på seg vintersko.


Det snødde relativt tett i åttetida i kveld. Her er eit lite bilde fra fotballbana på sida av leiligheten. Og under ser du dei frekke kapslane på vinterdekka.


Ellers var det fleire faktorar som spelte inn for den akutte vinterstemninga. Eg var på butikken å handla julebrus og mandariner. Dei hadde julemarsipan òg. Den lot eg derimot venta. Det gjorde ingenting – mandarinene var nemlig heilt fantastisk gode. Eg anbefaler absolutt mandariner i oktober.

Nespresso Boutiqe

Lagt til 11.04.2010. Arkivert under: Generelt Mat og drikke

I fjor jul var eg så heldig å få fingrane på ein Nespresso kaffimaskin. Eg har nesten alltid trudd at einaste måten ein kunne få tak i ny kaffe på, var å bestille det gjennom Nespresso sine nettsider. Det er for så vidt greitt nok det, men det hadde uansett vært fint med ein butikk.

Det var då særs gledelig å oppdaga Nespresso Boutiqe på Karl Johan. Ein kjempebutikk! Nespresso Boutiqe finner du i Karl Johans gate 23, på høgre side et stykke oppe i gata om du kjem frå Oslo S. Butikken går over to etasjar, og oser kvalitet. Det er til og med ein egen ekslusiv smake-på-kaffien-del. Fint å ha muligheten til å smake på før du handler.

Har du ein Nespresso-maskin, anbefaler eg deg til å ta turen innom Nespresso Boutiqe når du får sjansen.

Smoothie

Lagt til 07.02.2010. Arkivert under: Mat og drikke


Slit du med å motivere deg til å ete ein skikkelig frokost? Eller treng du kanskje eit godt mellommåltid? Da kan ein smoothie være midt i blinken. Du har kanskje ein gammal blender som står og støver ned ein eller anna plass. Finn den fram, sleng oppi alt mulig rart – og du har eit sunt og godt lite måltid.

I Søndre Skogveien er det til nå prøvd forskjellige kombinasjonar av yoghurt, appelsin, kiwi, cottage cheese, skogsbær, blåbær, egg, ananas, havregryn, proteinpulver og banan. Stort sett med stor suksess.

Det kan være lurt å starte med å ha yoghurt i. Det er  den som danner grunnlaget. Ellers er det fritt fram for å prøve seg fram kva gjeld innhold og mengde.

For dei som er i tvil, kan du her sjå kva som står om smoothie på Wikipedia.

En smoothie er en kald og søt drikk laget av fersk frukt og fruktjuice som er kjørt i en blender sammen med knust is, frosne fruktbiter eller yoghurt. Smoothies minner mye om milkshakes i konsistensen, men inneholder normalt ikke melk eller iskrem. Smoothies er ofte markedsført mot helsebevisste konsumenter.


Eit tips er å lage smoothien kvelden før, slik at ein morningen etter slepp alt “stresset” med å lage det klart. Da er det bare å åpne kjøleskapet og nyte ein kald og god smoothie med mykje næring.

Dette var første gang eg har prøvd denne typen smoothie, og eg kan fint anbefale folk å prøve dette. Eg gir den totale opplevelsen ein femmer på terningen.