Exentri kortholder

Lagt til 29.05.2010. Arkivert under: Generelt

Eg har dei siste ti åra vore på ei konstant jakt etter den perfekte kortholdaren. Etter å ha prøvd ut latterlig mykje forskjellig, trur eg nå eg har funne den beste. Det er nemlig den norskproduserte kortholdaren fra Exentri.


Det er mykje genialt med denne. For å beskrive funksjonane, sakser eg like så greitt litt tekst fra exentri.no:

EXENTRI TM kortholder er en norsk oppfinnelse utviklet for å forenkle hverdagens transaksjoner av kort og kontanter.

Kortholderen kombinerer det beste fra en vanlig kortholder; liten størrelse og oppbevaring av kort, med den tradisjonelle lommebokens fremste egenskap; oppbevaring av sedler. Denne unike sammensetningen gjør EXENTRI TM til en liten og smart innretning som kan inneholde og administrere minimum syv forskjellige kort og i tillegg oppbevare sedler og kvitteringer, uten at disse må brettes først.

Den gir deg markedets raskeste adgang til dine to mest benyttede kort, uten å åpne kortholderen. Kredittkortenes magnetstriper beskyttes separat og lommene har egne utsparinger slik at kortene er lette å finne og bruke.

Noen fortrinn med en EXENTRI TM kortholder:

- Lett adgang til mange forskjellige kort
- Egen lomme for sedler og kvitteringer
- Effektiv
- Sikker
- Liten
- Stor brukervennlighet

Kortholdaren anbefales på det sterkaste. Det einaste minuset er kanskje prisen. Etter mi meining er den verdt alle dei 399 kronene den kostar.

Du får kjøpt Exentri kortholdere i fleire butikkar. Eg kjøpte min på HandySize. Har sett den andre plasser, men klarer ikkje å ta igjen kor det var. Den kan også bestillas på nett.

Gorillapod

Lagt til 20.05.2010. Arkivert under: Generelt Teknologi

Gorillapod er eit praktisk kamerastativ du kan feste stort sett overalt. Det er produsenten Joby som står bak. Har du eit kamera eller videokamera, må du rett og slett ha ein gorillapod. Under ser du videokamera mitt festa på rekkverket rundt den eine beachbanen på Skansen.

Du får dei i mange forskjellige størrelser, og kan kjøpe dei på dei fleste elektrobutikkar. Eg kjøpte min på Japan Photo.

17. mai i Bergen

Lagt til 17.05.2010. Arkivert under: Generelt

Dette er min første 17. mai i Bergen. Heilt greitt, liksom. Dagen begynte urtidlig med å finne ut at dresskoa mine var på Sand. Etter litt kjapp research fekk eg låne et par flotte sko. Takk! Alt dette skjedde før klokka var passert ni. Turen gjekk så til ein felles frokost der ein frotsa i laks, eggerøre, karbonade, eplekake og alt mulig digg. Fantastisk! Etter å ha fordøyd ein herlig kopp kaffe, var neste post i programmet tog.

Toget tok egentlig aldri slutt. Det kom tog fra alle retningar. Då me blei leie av tog, gjekk me innom Juridisk fakultet og fekk gratis pils og hørte på fin kormusikk.

Dei neste timane var det skikkelig avslapping på ein liten kafè nede i sentrum. Til slutt blei det faktisk ein McFlurry med oboy-smak. Rett og slett ein flott 17. mai!

Facebook like button

Lagt til 10.05.2010. Arkivert under: Generelt Om sida Teknologi


Nå kan du like postane eg legg ut her. Kanskje ei slags prøveordning. Fungerer det forresten?

Livet på Oslo S

Lagt til 15.04.2010. Arkivert under: Generelt

Har vært ein del i Oslo i det siste på jobb. Denne veka var det meininga eg skulle være her borte tirsdag til torsdag, men det var visst ikkje like lett som vanlig å komme seg heim i dag. Etter at eg fant ut at alle flyplassane var stengt, måtte eg sjå meg etter alternativ transport heim til Bergen.

Første ledige tog var fredag kl. 1433. Eg bestilte billett der. Ei lita stund seinare oppdaga eg at det var satt inn eit ekstratog 0631. Eg bestilte billett der også. Eg måtte avbestille den første billetten. Det blei eit lite gebyr. Etter å ha valsa rundt litt ser eg eit skilt til bussterminalen. Det er kjekt. Etter ein drøy time i kø hadde eg jammen meg ein billett med nattbussen også. Eg måtte avbestille igjen. Nytt gebyr.

Men siden det er så kjekt å kjøpe billetter, kunne eg ikkje stoppe enda. Utrulig nok var eg inne på nsb.no dei 7 sekunda sida var oppe i dag. Då viste det seg at faktisk nattoget plutselig hadde ledige plasser. Eg rusler bort til ein togbillettautomat, og ordner meg billett der også. Eg må avbestille bussbilletten. Nytt gebyr. Trur eg kunne fått ein ny billett av alle gebyra. I alle tilfelle, dette resultert til slutt i litt kvalitetstid på Oslo S. Du kan faktisk ha det overraskande bra på Oslo S.

Du kan f.eks fnise litt av at det enda står folk i køen til NSB-informasjonen. Eg valgte å ete latterlig mykje salat-stasj på Bit. Forresten ein kjempebutikk.

Etter å ha hatt et bedre måltid rusla eg rundt omkring på Byporten Shopping og såg meg litt om. Besøkte HandySize, som også er ein kjempebutikk.

Når du er lei av alt styr og stell, kan du gjer som eg gjorde. Gå til nok ein kjempebutikk! Caffè Ritazza tilbyr gode sitteplasser, strøm, gratis påfyll av kaffi, pluss mykje meir godis. Så då er det bare å sette eple på internett-deling, fylle kaffi i koppen og nyte tida på Oslo S fram til nattoget går.

Ha ein fin kveld!

Årets første beach

Lagt til 12.04.2010. Arkivert under: Generelt Volleyball

Det blei ein rekordtidlig sesongstart i år. I strålande sol og flotte omgivelsar blei første beachøkt gjennomført på Sotra. Det var også første gang eg testa den nye ballen. Den virka litt meir indoor-ish, men likevel relativt grei å hanskas med. Ein fin ny lekeball!