Den tolvte november. Det er fryktelig lenge sidan. Det var då eg sist publiserte noko her på ne-tett. Kritisk! For å komme meg på rett kjør igjen har eg mekka ei mobilbildeoppsummering av tida frå forrige innlegg og fram til i dag.

Det heile starta med at eg kjøpte meg to urstilige koppar. For å gjere Helge til lags kan eg kanskje seie at dette er bortimot den perfekte jobbkoppen. Kanskje. Det bør kome ein test på det. Dei fungere godt til både te og kaffe. Einaste minuset eg kan sjå, er at den er såpass vid at drikka blir relativt fort kald. Så – botn opp!

Søndre Skogveien fekk seg kjøkkenbord! Eit særs godt bord til både frokost, sushi og Scrabble.

Det gjekk ikkje land tid før det blei ny skrivar i hus. Den spelar på lag med alt og alle.

Siste helga før jul tok eg meg ein snartur til Tromsø for å helse på unge lovande Svandal. Etter å ha spelt ferdig i Tromsøhallen, gjekk turen til Strandveien. Der varta han opp med alt mulig knask. Tacokveld! Særs koseleg.

Eit par dagar seinare var det klart for å kjøre heim til jul. Over ser du eit bilde tatt i frå bilen på vei heim. Litt ymse sikt og spennande veiforhold. Men Vectra-en takla det klinkelett. God jul!

Til slutt var Vectra-en trygt plassert i gardstunet på Helland, og eg kunne igjen sjå Hellandsnuten frå kjøkkenvindauget. Ei god kjensle.

Så var det romjul. Fekk lagt inn både kortspel, ballspel, brettspel og kveldsspel. Ei flott romjul.

Fekk deluxe Scrabble til jul. Scrabble er kjekt! Hugs å nytte deg av tredobbel ordpoeng, dobbel ordpoeng og tredobbel bokstavpoeng. Då vinne du til slutt.

Eg var i Røldal då me gjekk over til 2011. Glatt og tøft.

Det siste som skjedde, var at eg ufrivillig kapra Oddvar Torsheim sitt bord under frokosten på hotellet i Førde. Det burde eg ikkje ha gjort. Torsheim-effekten slo ut i usedvanlig dårlig gym. Katastrofalt.
Det var det siste bilete på mobilen min. Ha ein fortsatt strålande mandag.