Poseidon

Lagt til 18.11.2006. Arkivert under: Film/TV

Poseidon
Då var den første filmen sett i den nye sofaen [bilde]. Til tross for at filmen var så som så, satt/låg eg iallefall topp.

Et cruiseskip velter på grunn av ei monsterbølge på nyttårsafta. Skipet blir liggande opp ned. Ein gjeng bestemmer seg for å komme seg ut. Ingen stor film, men eg følgte med fra begynnelse til slutt – så det er håp.

Inside man

Lagt til 04.04.2006. Arkivert under: Film/TV

Inside ManIgår var eg på kino. Det har gått nesten eit år sidan sist kinobesøk, då eg såg Star Wars – The revenge of the sith. Denne gongen var det “Inside Man” som trakk meg til lærretet. Dei fleste store avisene i landet ga denne filmen gode terningkast – det er ikkje uten grunn.

Dette er ein av dei bedre filmane eg har sitt det siste året. For å ikkje komme med ein einaste form for spoiler, skal eg kun seie at dette er ein film om et perfekt bankran. Det er spenning, action og ikkje minst ein god del humoristiske replikkar. Denzel Washington, Jodie Foster og Clive Owen står for hovudrollene.

Kanskje eg dømmer denne filmen litt på grunnlag av mine særs få kinobesøk, men i alle tilfelle; “Inside Man” får ein sterk femmer på terningen.

King Kong…

Lagt til 08.01.2006. Arkivert under: Film/TV

King Kong!
…var lang, men hadde definitivt sine augneblink.

«Prison break»

Lagt til 29.11.2005. Arkivert under: Film/TV

Etter å ha sett dei 13 første episodane av den amerikanske spenningsserien «Prison break», må eg sei det er noko av det beste eg har sett av slike tv-seriar.

Det heile handlar om Lincoln Burrows, som er dømt til døden for mordet på visepresidentens bror. Micheal Scowfield (Lincolns bror) har vore med å designa sjølve fengselet, og då sitter med god informasjon. Micheal begår et væpna ran for å kome seg inn bak murane saman med bror sin. På utsida er det ein stor konspirasjon som på liv og død skal få Lincoln Burrows i “stolen”. Det har tydeligvis skjedd saker og ting som folk ikkje bør vite.

hermetegnfår litt vondt av å tenke på det, men jeg gleder meg faktisk mer til neste ep av pb, enn lost

- Anonym lost-fan

Nå er det dessverre ein lang pause. I følge tv.com, kjem ikkje episode 14 før 6. Mars, og det er fryktelig lenge til, med tanke på kor spanande det er. Om du har planar om å ta føre deg ein serie ein gong i framtida, kan eg trygt anbefale «Prison break».

«Veronica Mars»

Lagt til 04.11.2005. Arkivert under: Film/TV

Veronica Mars
Veronica Mars går på Neptune high, og var tidligare ei av dei mest populære jentene på skulen. Men plutselig blir venninna til Veronica, Lilly Kane, drept. Far til Veronica, Keith Mars, var Sheriff og var raskt ute med å mistenke Lillys styrtrike far, Jake Kane, for å stå bak mordet. Keith blir sparka, og Veronica blir fryst ut av gjengen. Dette starter ei heil rekke med mystiske saker og ting, som Veronica går igang med å løyse – samtidig som hu heile tida prøve å finne ut kven som drepte venninna hennar.

Har nå fått med meg heile sesong 1, og syns denne serien fenger. Nå som det er pause i «Lost», er dette fin kveldsunderholdning når du ikkje har andre smarte ting å ta deg til. Om du ikkje vil kjøpe DVDen, eller få tak i det på andre måtar, kan du sjå «Veronica Mars» på TV Norge, søndagar klokka 18:20.

Lost: Sesongpremiere

Lagt til 22.09.2005. Arkivert under: Film/TV

Idag fekk eg sitt episode 1 av sesong 2 i den spennande serien Lost. Etter at første sesong slutta i vår, har det vore mange ubesvarte spørsmål i denne serien; og fleire skal det bli. I løpet av førtifem minutter med intens spenning, fekk me delvis svar på et par essensielle spørsmål frå sesong 1. Vidare kom det desto fleire spørsmål inn i bilete. Jack Sheperd og John Locke stod i spissen for åpningsepisoden.

Det store spørsmål er nå om dette var bra nok til at ein skal følge heile sesongen vidare. Etter mi meining trur eg at det er verdt det. Har ein først sett alt til nå, må ein sjå kva som skjer vidare. Denne episoden kom iallefall som ein positiv overraskelse på meg :-)

For meir lesestoff, eventuell informasjon om Lost kan du besøke den største norske sida, lost-norge.net, eller lese på det offisielle lost-forumet.