«Donnie Darko»

Lagt til 18.01.2008. Arkivert under: Film/TV

Donnie Darko

«Donnie Darko» må være den filmen eg har sett flest gonger. Etter at den blei sett to gonger i løpet av et døgn i jula, har eg nå sett den fire gonger. Kvifor? Ja, det kan du så sei. Og eg som faktisk er sterkt imot og sjå den samme filmen fleire gonger. Det som er ekstra snodig er at dette er ein lavbudsjettsfilm som aldri blei vist på kino.

Les heile artikkelen »

«Superbad»

Lagt til 13.11.2007. Arkivert under: Film/TV

Superbad
Den kulturelle delen av meg har stått opp, og igår var eg å finne i sal 8 på Stavanger Kino. Komedien «Superbad» klarte seg særs bra, og eg gir den høgst oppegåande terningkast. Du kjem til å le.

«Heroes»

Lagt til 25.09.2007. Arkivert under: Film/TV

Heroes
Episode 1, sesong 2 ute idag. :)

Fire tv-seriar

Lagt til 29.08.2007. Arkivert under: Film/TV

seriehaustNå startar dei snart opp igjen: Micheal Scofield, Lincoln Burrows, Susan Mayer, Gabrielle Solis, Nancy Botwin, Celia Hodes, Phil Laak og Antonio Esfandiari. Dette er alle navn frå tv-seriar som vil gå i haust. Her er ei lita anbefaling for deg som syns det er greitt å smelle på ein serie før du legg deg. Det er allerede nå lagt ut ein 17 minutter lang smakebit av sesong 3 av «Prison break» som startar 17. september. «Weeds» og «High stakes poker» er allerede i gang. Har du et par uslepne diamantar av nokre tv-seriar, kan du fritt smelle av et par skot i kommentarfeltet. «Lost» blir ikkje nemnt her, då det ikkje startar opp før i januar 2008. Då gjenstår det bare å sjå om ein klarar å følge med på dette her.

1. «Prison break»
2. «Desperate housewives»
3. «Weeds»
4. «High stakes poker»

«300»

Lagt til 17.03.2007. Arkivert under: Film/TV

300
Såg snikpremiere av «300» idag. Hadde ingen forhåpningar i det heile, då eg egentlig ikkje like “bakøve”-filmar. Mykje slossing, mykje telagt blod og mange rare karakterer blei til ein heilt grei film. Om du hadde sett Gladiator, Ringenes Herre og Sin City på samme tid – kunne du kanskje fått ei liknande oppleving. Pluss for særs mange gode replikkar. Eg gir den terningkast 5.

«300» – IMDB

Casino Royale

Lagt til 30.11.2006. Arkivert under: Film/TV

Casino Royale
Dette er heilt klart ein film å sjå. Ein heftig start, som fortsatte ganske friskt. Etter at Bond var ferdig med kortleken, blei det litt dødt – men dette tok seg opp igjen. På imdb sin skala har filmen fått heile 8.0. Den får et nokså godt terningkast frå meg og.