Min heimekino

Lagt til 20.08.2011. Arkivert under: Film/TV Teknologi

I vår/sommar eg stort sett gjort ei oppgradering av alt kva gjeld lyd og bilde i heimen. Her er et par bilete.

IMG_2198

Her er eit oversiktsbilde over mediabenken. TVen er et Samsung PS59d555. Plasma og 3D. Perfekt for film. HTPC er ASrock Vision 3D som kjører XBMC med reFocus-tema.

Receiveren er ein Onkyo TX-SR608 der eg har kopla til Harman Kardon HKTS 20 høyttalar og sub.

Til musikk kjører eg Wimp via Logitech Squeezebox rundt om i heile heimen.

IMG_2180

Bruker XBMC Commander på iPad for å bla gjennom filmar, tv-seriar, starte youtube-videoar, starte filmar osv.

IMG_2186

Sofa og bakhøyttalerar.

IMG_2209

Her ser du alt utstyret når dørene er oppe. Mykje rot.

«Breaking Bad»

Lagt til 07.10.2010. Arkivert under: Film/TV

Det er noko med det å ha ein god tv-serie å følge med på. «Breaking Bad» er ein slik. Du blir dratt inn i handlinga, og vil alltid sette på neste episode. Og neste.

«Breaking Bad» er ein amerikansk tv-serie av Vince Gilligan. Det heile handler om kjemilæraren Walt som får den tunge beskjeden om at han har fått lungekreft. I tillegg til alt det fører med seg, svir det også økonomisk. Han leker da med tanken om å begynne å produsere dop. Han overtaler så sin tidligare elev, Jesse, til å bli med på leken. Dette fører til særs mange finurlige situasjonar.

Det er totalt blitt vist tre sesongar på amerikansk fjernsyn. Sesong 1 og 2 kan du f.eks kjøpe på DVD eller Blu-ray. For tida er det tilbud på sesong 1 og 2 hos play.com. Sesong 1 ligg ute for 8,49 pund. Sesong 2 får du for 15,49 pund. Play.com kan skilte med gratis levering, så her kan du få sesong 1 for 78 kroner og sesong 2 for 142 kroner. Ved å bruke to separate bestillingar, kjem ein også langt under tollgrensa på 200 kroner. Billig underholdning! Du kan òg sjølvsagt få tak i «Breaking Bad» ved bruk av andre stilige metodar.

Heimeunderholdning

Lagt til 01.08.2010. Arkivert under: Film/TV Teknologi

Eg har alltid vore relativt interessert i å ha ei god ordning for å spele av film og musikk. I dag finns det et hav av muligheter for korleis ein kan ordne det. Nå vil eg presentera den løysinga me har i leiligheten vår. Eg deler det opp i to forskjellige avsnitt. Eit om  film, og eit om musikk.

Les heile artikkelen »

10 gode spenningsseriar

Lagt til 14.10.2009. Arkivert under: Film/TV

Me blar opp på den fjortende oktober i almanakken og kan registrere at julebrusen er for lengst kome i butikken. Vinterdekka er på plass, og dei lange lyse kveldane på terassen er historie. Då kan det vera fint å ha ein eller anna tv-serie å følge med på. Ein serie er så mykje meir praktisk enn ein film. Filmane varer så lenge. Du orker aldri å starte på ein film, for du sovner jo halveis uansett. Førti til femti minutt er perfekt!

Her kjem ei slags topp 10-liste over mine favoritt spenningsseriar. Eller seriar som for det meste går under samlekategorien drama, sci-fi, thriller, komedie, skrekk og mystikk. Følte eg måtte velge spenningsseriar. Hadde vore litt flaut med 7th heaven og Sunset beach på lista. Dei desperate fruene klarte eg heller ikkje å få med under kategorikravet mitt. Kva er dine favorittseriar?

Les heile artikkelen »

True blood

Lagt til 09.09.2009. Arkivert under: Film/TV

True Blood
Bill Compton og Sookie Stackhouse. Bill drikker “Tru Blood”, ein drikk som skal erstatte menneskeblod.

Prison break, Lost, Surface, John Doe, Vanished og Kyle XY er alle seriar eg har vore rimelig hekta på. Nå har eg oppdaga ein ny, True blood. Serien er basert på bokserien The Southern Vampire Mysteries av Charlaine Harris.

True blood handler om samhandlinga mellom menneske og vampyr. Handlinga finner sted i Bon Temps i Louisiana, der du møter hovedpersonen Sookie Stackhouse. Sookie har telepatiske evner og forelsker seg i vampyren Bill Compton. Det heile hørres rimelig skrudd ut. Og ja, eg var nokså skeptisk i starten. Men etterkvart blir serien bare meir og meir mystisk. Herlig mystisk. Dessuten er det ein del heilt fantastiske svenske dialogar, samt ein finfin sær intro.

State of Play (2009)

Lagt til 23.08.2009. Arkivert under: Film/TV

State of Play

VG gir filmen ein sterk femmer og skriv bl.a: Thrilleren «State of Play» er en sann fryd for øye og hjernen; et røft og omfattende smart plott, energisk sydd sammen i en hektisk samtid – som, dessverre, også inkluderer en pressemakt på vikende front..

Russel Crowe utgjer rollefiguren Cal. Cal er ein journalist litt utan om det vanlige, og under ei sak for avisa oppdager han noko mistenksomt ved et kvinnelig sjølvmord. Ben Affleck speler kongressmannen Spencer, og har ei fortid som studiekamerat med journalisten Cal. Så er det heile i gang. VG skriv i artikkelen sin: “Ingenting – jeg lover: ingenting! – er akkurat som det ser ut…”.

Eg er litt usikker på om eg operer med terningar, eller skalaer som går til 10. Eg prøver meg på skalaen idag. 8/10 poeng til State of Play.