Vinterstemning

Lagt til 20.10.2010. Arkivert under: Generelt Mat og drikke

På dagen i dag, den 20.10 2010, kom eg i akutt vinterstemning. I dag har den første snøen landa, og bilen har fått på seg vintersko.


Det snødde relativt tett i åttetida i kveld. Her er eit lite bilde fra fotballbana på sida av leiligheten. Og under ser du dei frekke kapslane på vinterdekka.


Ellers var det fleire faktorar som spelte inn for den akutte vinterstemninga. Eg var på butikken å handla julebrus og mandariner. Dei hadde julemarsipan òg. Den lot eg derimot venta. Det gjorde ingenting – mandarinene var nemlig heilt fantastisk gode. Eg anbefaler absolutt mandariner i oktober.

Sesongen er i gang

Lagt til 17.10.2010. Arkivert under: Volleyball

Eliteserien 2010/2011 er godt i gang, og Nyborg har allerede spelt tre seriekampar. Me har vunne alle kampane 3-0, så det har vore ei finfin åpning av sesongen.

Under gårsdagens kamp mot Koll var Helene så snill at hu filma litt fra kampen. Så i filmen over kan du sjå ei samling ballvekslingar frå andre og tredje settet.

Ellers er det kun oss og Randaberg som ikkje har avgitt poeng i serien så langt. Tabell og serieoppsett kan du finne på cupassist.

Neste helg venter årets store høgdepunkt. Då er det europacupkamp mot sveitsiske Seat Näfels i Haukelandshallen. Møt opp til kamp lørdag kl. 16! Les meir om dette på http://ecup2010.com/.

«Breaking Bad»

Lagt til 07.10.2010. Arkivert under: Film/TV

Det er noko med det å ha ein god tv-serie å følge med på. «Breaking Bad» er ein slik. Du blir dratt inn i handlinga, og vil alltid sette på neste episode. Og neste.

«Breaking Bad» er ein amerikansk tv-serie av Vince Gilligan. Det heile handler om kjemilæraren Walt som får den tunge beskjeden om at han har fått lungekreft. I tillegg til alt det fører med seg, svir det også økonomisk. Han leker da med tanken om å begynne å produsere dop. Han overtaler så sin tidligare elev, Jesse, til å bli med på leken. Dette fører til særs mange finurlige situasjonar.

Det er totalt blitt vist tre sesongar på amerikansk fjernsyn. Sesong 1 og 2 kan du f.eks kjøpe på DVD eller Blu-ray. For tida er det tilbud på sesong 1 og 2 hos play.com. Sesong 1 ligg ute for 8,49 pund. Sesong 2 får du for 15,49 pund. Play.com kan skilte med gratis levering, så her kan du få sesong 1 for 78 kroner og sesong 2 for 142 kroner. Ved å bruke to separate bestillingar, kjem ein også langt under tollgrensa på 200 kroner. Billig underholdning! Du kan òg sjølvsagt få tak i «Breaking Bad» ved bruk av andre stilige metodar.

Ulriken

Lagt til 26.09.2010. Arkivert under: Reiser/Turar

Etter å ha vore meir eller mindre sjuk dei siste to vekene, var det godt å få tatt seg ein tur ut i naturen. Med sine 643 meter over havet er Ulriken det høgaste av dei sju fjell rundt Bergen sentrum. På toppen er det ein flott kafè med både mat- og alkoholservering. Les meir om Ulriken på Wikipedia.


Me parkerte bilen ved Ulriksbanen, og gjekk oppover mot Montana. Etter ei lita stund kan ein velge om ein skal gå ei litt lengre, men lettare løype – eller løypa som blir brukt i Ulrken opp. Sjølvsagt gjekk me for det siste alternativet.

Etter rikelig med pausar på veg opp, brukte me ganske nøyaktig akkurat èin time. På toppen koste me oss med ein kopp rykande fersk kaffe, samt ein herleg foccacia. Fantastisk plass å ha lunsj. Under ser du litt av utsikten du har frå uterestauranten på toppen. Heilt kurant.


På heimturen valgte me å ta ei litt lenger, men litt slakare løype. I strålande vær loffa me nedover mot bilen igjen. Brukte ca èin time ned igjen også. Her ser du ruta me gjekk på veg opp. Du kan finne meir detaljerte data om turen på Runkeeper.


Vis Ulriken i et større kart

Hadde me oss det litle ixus-kamera til Helene, òg det blei tatt et par fjotos.


Her har me tatt oss ein liten pause på veg opp. Bratt og varmt!


Med strålande vær, var det ingen sjokk at det var særs folksomt på toppen. Men likevel god plass i restauranten.


Flott utsikt på toppen.


På slutten blei det litt vel mykje nedover. Eg valgte å gå litt baklengs for å spare knea.

Vestcup 2010

Lagt til 20.09.2010. Arkivert under: Volleyball

I helga gjekk den årlige Vestcup-turneringa av stabelen i Stavanger idrettshall. I eliteklassen for herrer var det i år fem lag med – Nyborg, Randaberg, Førde, Norge +40 og Norge U19.

Med fem lag med, blei det gjennomført eit gruppespel der alle spelte mot alle. Èineren og toeren i gruppa spelte til slutt finale. Etter å ha vunne fire kampar med solide siffer, var me klare for finalen. Det såg lenge ut til at det blei mot Førde, men då Førde tapte for både U19 og Norge +40, blei det til slutt Randaberg.

Etter ein dominerande siger mot Randaberg i gruppespelet, må det vel seias at me var store favorittar til å dra i land sigeren i finalen. Men Randaberg hadde verkeleg fått sving på sakene, og spelt inn ein solid første-sjuer. Med eit heilt eksepsjonelt mottaksspel av Audun og Gøran, blei det vanskelig å ta dei viktige ekstrapoenga. Randaberg vant til slutt 3-2.

Du kjenner godt det å spele fem kampar på to dagar, og ein merka at litt av konsentrasjonen og “futten” var borte under finalen.

Sjekk vestcup.com for fullstendige resultat.

Vivelid

Lagt til 18.08.2010. Arkivert under: Reiser/Turar

Eg og Helene bestemte oss plutselig for å ta ein tur på Hardangervidda. Etter litt kjapp research enda me opp med å gå til Vivelid, og nærmare bestemt Vivelid fjellstova.

Les heile artikkelen »