Eg har alltid vore relativt interessert i å ha ei god ordning for å spele av film og musikk. I dag finns det et hav av muligheter for korleis ein kan ordne det. Nå vil eg presentera den løysinga me har i leiligheten vår. Eg deler det opp i to forskjellige avsnitt. Eit om film, og eit om musikk.
Film
I stova står det ein nokså gammal Mac Mini kopla til fjernsynet. Minien kjører programvaren Plex, som er bygd ut i fra Xbox Media Center (XBMC). Alt av film og musikk er lagra på eit NAS, som også er å finne i tv-benken. Plex fungerer heilt utrulig bra, det går kjapt, det er lett – og det bare fungere.
Når du har lyst til å sjå ein film, er du på jakt etter at det skal være enklast mulig å slå det på. Det skal bare fungere. Det gjelder derfor å ha ei god fjernkontroll-løysing. I stova bruker eg stort sett kun ein Logitech Harmony-fjernkontroll. Den styrer både Plex og vanleg fjernsyn. Samtidig er XBMC remote for iPhone kjempefin. Det finns tilsvarande program for Android. Den fungerer for alle variantar av XBMC (Boxee, Plex, XBMC), uansett kva operativsystem du kjører.
På soverommet heng det ein 22″-skjerm på veggen. Den er kopla til ein gammal laptop (fra 2003!) med Dreamlinux som kjører XBMC. Dreamlinux kjem med XBMC ferdig installert. XBMC har akkurat same utsjånad som Plex. All film blir spelt av trådlaust fra nettverksdisken.
Her brukar eg utelukkande XBMC remote til fjernstyring. Det fungerer optimalt. Enkelt å skifte film, styre volum, bla i arkiv osv. Under ser du et par skjermbilde fra XBMC Remote.
XBMC har ein innebygd web-server som ein koplar seg opp mot for å fjernstyre det heile. Fungerer flott både i Plex og i XBMC.
Musikk
Det er iTunes som blir brukt til å spele av musikk i heimen. Mest fordi den speler så bra saman med iPhone og iPod touch gjennom den geniale applikasjonen Remote. iTunes står og går i bakgrunnen på Mac Minien, og blir eine og aleine styrt av enten min iPhone, eller Helene sin iPod touch.
På soverommet er det ein Airport Express kobla til to stk Philips-høyttalerar. Her blir musikken spelt trådlaust fra iTunes som ligg på Mac Minien. I Remote kan du lett velge kor lyden skal være. I stova, på soverommet – eller begge på likt. Under ser du skjermbilder fra korleis det ser ut i applikasjonen Remote på iPhone eller iPod touch.
Oppsettet er basert på erfaring over tid, og er gjort i den ånd at ein skal få det best mulig til lågast mulig pris.














Detta va bra artikkel!
Litt mykje framandord for ein enkel sjel frå innerst i fjorden, men lettfattelig språk og god bruk av korte setnigar.
Høyrdest bra ut. Her heime skjønar vi “alt”
eg har ein macbook pro, lise en windows 7 pc, har 42″flatskjerm, Lyst på tv på rommet og et oppsett ala det du har… ka må eg ha og ka kostar det? tar gjerne imot på mail ;)
Da er du komt langt på vei. :) Kan senda ein slags mail, og tilogmed kanskje ringa. Eller. Det hadde vel blitt litt sprøtt. Me ser plutselig :)