Det er alltid kjekt å finne litt ukjente ferieperler. Cascais var ei slik perle! Me har alltid som mål å aldri reise tilbake til det samme landet når me skal på ferie. Til slutt enda me opp med å velge Portugal, og da Cascais. Etter å ha brukt Tripadvisor flittig, falt valget på Hotel Baia.
På bildet over ser du utsikten fra takterrassen på Hotel Baia. Heilt kurant å ligge/sitte der med ei god bok og noko kald drikke.
Etter eit par dagar fant me ut at Cascais tilbyr gratis sykkelutleige! Kanskje ikkje dei beste syklane i gata, men absolutt gode nok til å sykle langs kysten på den milelange sykkelstien fra Cascais til den velkjente Guincho-stranda. Ein flott tur!
Blir du lei av Cascais, ligg Estoril kun 2-3 kilometer unna, og du kan gå dit langs den flotte strandpromenaden. I Estoril finn du blant anna europas største casino. Me besøkte casinoet den eine kvelden, og eg var klar for litt cashgame. Men litt for lang ventetid gjorde at eg slo det frå meg. Neste gang! Helene fekk likevel dinga litt på speleautomatane, og var særs lykkelig over å ha komt heim i pluss.
På bakgrunn av å ha vært ein del rundt om i verden dei siste tre-fire åra, kan eg trygt anbefale Cascais som reisemål for både store og små.
Her følger litt fleire bilder fra turen.




























Såg gildt ut!!