Dette er min første 17. mai i Bergen. Heilt greitt, liksom. Dagen begynte urtidlig med å finne ut at dresskoa mine var på Sand. Etter litt kjapp research fekk eg låne et par flotte sko. Takk! Alt dette skjedde før klokka var passert ni. Turen gjekk så til ein felles frokost der ein frotsa i laks, eggerøre, karbonade, eplekake og alt mulig digg. Fantastisk! Etter å ha fordøyd ein herlig kopp kaffe, var neste post i programmet tog.
Toget tok egentlig aldri slutt. Det kom tog fra alle retningar. Då me blei leie av tog, gjekk me innom Juridisk fakultet og fekk gratis pils og hørte på fin kormusikk.
Dei neste timane var det skikkelig avslapping på ein liten kafè nede i sentrum. Til slutt blei det faktisk ein McFlurry med oboy-smak. Rett og slett ein flott 17. mai!







