4

Påsken 2010

Lagt til 18.02.2010. Arkivert under: Generelt

Det er på tide med den årlige påskeinformasjonen. Det kan godt være folk allerede har glømt ut kvifor påsken fell på dei dagane den gjer. Sidan repetisjon er kult, vel eg å forklare det igjen.

Første påskedag, eller påskedag, skal feiras første søndag etter første fullmåne etter vårjevndøgn. Vårjevndøgnet er den dagen på våren da dag og natt er like lange, i den forstand at dag og natt har like mange timer med sollys. Det offisielle vårjevndøgnet er 21. mars.

Neste steg er å finne ut kva tid den første fullmånen etter 21. mars er. Slår ein opp på side 457 på Tekst-TV finn du ein fin og oversiktlig fullmånetabell. Her ser du at første fullmåne etter vårjevndøgn er tirsdag 30. mars. Ut i fra dette kan ein fort rekne seg fram til at første påskedag 2010 blir 4. april. Nå som all data er på plass, ser ein at påsken 2010 vil bli som følger.

  • 28. mars – Palmesøndag
  • 1. april – Skjærtorsdag
  • 2. april – Langfredag
  • 3. april – Påskeaften
  • 4. april – Påskedag
  • 5. april – 2. påskedag

Då er det bare å starte påskeplanlegginga. Me sjåast!


  • Facebook
  • Twitter
  • Google Bookmarks
  • del.icio.us
  • Print this article!

4 kommentarer

  1. Hilmar says:

    Merk av Palmesøndag på kalenderen! Det er ein merkedag :)

  2. Ole Martin says:

    Absolutt! Mulig det må skje noko ekstraordinært den dagen.

  3. Svandal says:

    Eg lure alltid på kem som fann ut at første fullmåne etter vårjevndøgn – Då kjøre me påske!

  4. Svandal says:

    Eg lure alltid på kem som fann ut at “første søndag etter første fullmåne etter vårjevndøgn” – Då tar me påsken! Originalt om ikkje anna=)

Skriv kommentar