I et eller anna svakt øyeblikk i løpet av fjoråret gjekk eg til innkjøp av ein tennisracket. Den er av typen Wilson – Roger Federer edition. I utsjånad ser den strålandes lik ut den Roger bruker på bilete ovanfor. I følge mannen i butikken var det denne som var greiene for ein nybyrjar. Takk for det.
Bakgrunnen for dette obskøne innkjøpet, er at trangen for å prøve nye stilige idrettar bare blir større med åra. I tillegg skal det nemnas at Schei var ein stor pådrivar her. Han har nemlig store planar om å melde oss inn i ymse tennisklubbar. Tennis er ein slik idrett du kan drive for alltid. Det kan væra både hysterisk slitsomt, men også ganske avslappande. Tanken er å kunne meistre å spele tennis slik at eg kan ha noko å gjere på når eg blir ekstra eldre.
Den einaste erfaringa eg har frå tennis er å bli knust sønder og samen av Bjarte på Kreta ein gong for utruleg lenge sidan. Me får sjå. Eg var skremmande nære å få prøve ut racketen i fjor. Nå er målet å faktisk prøve å spele tennis i løpet av 2010.









Eg er gjerne med å prøver ut tennis. Spelte litt i 3. og 4. klasse, men trur eg har mista teken sidan det.
Eg huske eg druuste Solbakken junior i tennis i Romania eingang! Kjekt med tennis :)
http://www.youtube.com/watch?v=jqvemalS5bY#t=1m5s
Hehe, venta nesten bare på den der. :)
Og cOlav. Det kan jo være et alternativ til Driver i jul- og påskeferien.