6

Test: Fjordland julemat

Lagt til 17.12.2009. Arkivert under: Mat og drikke Testar

FjordlandDet har komt et par julemiddagar frå Fjordland dei siste åra. Eg har tatt for meg dei tre som har vært lengst på markedet. Ein kan legge til at mangel av komfyr var eit vesentlig punkt i forbindelse med at denne testen blei gjennomført. I testen har eg lagt vekt på både pris, smak og kor mett ein blir.

Til høgre ser du dei tre Fjordland-variantane som var med i julemattesten:

  • Pinnekjøtt
  • Juletallerken
  • Kalkunbryst

Pinnekjøtt (665 gram – 79,90 kr)

4- Pinnekjøtt med vossakorv
- Kokte poteter
- Kålrotstappe

Pinnekjøtt ER jul. Derfor har eg kanskje eit litt bedre testgrunnlag på denne retten, enn på dei to andre. Samtidig som “dårlig pinnekjøtt” likevel er ein god middag. Så her er det små nyanser.

I pinnekjøttet er det som kjend mykje pinnar. Det er mykje bein som går vekk i dei 665 gramma. Men Fjordland overraskar likevel positivt med kor mykje dei puttar opp i pakken. Når du tar pinnekjøttet ut av mikroen luktar det faktisk pinnekjøtt. Du får litt julestemning. Kålrotstappa ser fin ut. Kålrotstappa lukter godt. Kan dette være ein suksess?

Etter å ha fortært ein porsjon Fjordland pinnekjøtt sit du igjen med mange inntrykk. Var det godt? Det var litt godt. Men ikkje i nærheten så godt som det gode heimelaga pinnekjøttet.

Eg konkluderer med at det smaker godt,  og at du blir relativt mett samtidig som du kommer i god julestemning.

Som vist på terningen, blei dette ein firer. Ein relativt sterk firer. På grunn av den høge prisen røyk femmaren.

Juletallerken (630 gram – 58,50 kr)

4- Svineribbe
- Medisterkake og julepølse i brun saus
- Rødkål
- Kokte poteter

Her var det mykje forskjellig snadder! Til kun 58 kroner får du uhorvaleg mykje juleknask. I motsetning til pinnekjøttet kan du nesten ete opp alt du får i pakken. Derfor scorer juletallerken nesten full score kva gjeld metthetsskalaen. Eg har aldri vore noko særlig tilhengar av medisterkaker, men dette er liksom heilt greitt. Du vil ikkje døy.

Juletallerken får også ein firer. Men dette er ein litt svakare firer, enn den fireren pinnekjøttet fekk. Mykje mat for pengene trekk opp.

Kalkunbryst (500 gram – 51,90 kr)

5- Kalkunbryst i saus
- Kokte poteter
- Rødkål

Eg har ikkje det forholdet til kalkunbryst som eg har til dei to andre middagane. Eg kan sikker telje på èin fing kor mange gonger dette har lugge på tallerken min. Eg blei rett og slett særs positivt overraska. For ein god smak. Og så mykje saus. Saus er godt. Her kan du ete opp absolutt alt. Ingen bein eller rusk som blir liggande igjen. Sausen var så god at eg har deg unnskyldt om du slikker tallerken rein. Samtidig kjem du i ein fortreffeleg julestemning av alt det stilige rødkålet.

Dette var testens overraskelse. Sidan kalkunbrystet kun er 500 gram, blir det ein svak femmar.

Konklusjon

Har du lyst på pinnekjøtt. Kjøp pinnekjøtt. Har du lyst på juletallerken. Kjøp juletallerken. Har du lyst på kalkunbryst. Kjøp kalkunbryst. Men er du litt i tvil, går du for testens beste, og testens billigaste; kalkunbryst.

PS: Prisane kan variere. Denne testen er basert på prisane på RIMI.


6 kommentarer

  1. yalla says:

    Heheh! Bra! Eg har og hatt eit år utan komfyr i mine yngre dagar, så dette her har eg kunnskap om :) Ganske enig tru eg!

    Men det er vel vossakorv i pinnakjøtet og?

  2. Ole Martin says:

    Jepp! La til vossakorv nå, hadde heilt glømt det av. :)

  3. Svandal says:

    Ditta va bra!
    Like korte setningar. Nesten nostalgisk. Set punktum ofta.

  4. Svandal says:

    Testa pinnekjøt på lørdag. Med alkohyler i blodet, så var positiv. Men må sei; Det vakje så bra. 3. På ein terning.

  5. yalla says:

    Testa kalkun igår. Bra den. Såg og at dei hadde Lutefisk. Kanskje den også må testes.. :)

  6. FiDo says:

    Kalkun anbefales :)

Skriv kommentar