8

Dropbox

Lagt til 01.12.2009. Arkivert under: Teknologi

Dropbox tilbyr superenkel fildeling. Du installerer ei lita fil på datamaskinen,  og får da opp ei mappe i utforskaren din. Denne mappa blir akkurat som ei vanlig mappe. Installerer du dropbox på fleire maskinar, vil dropbox-mappa være lik overalt.

Etter å ha testa det litt, opplever eg at det heile er veldig kjapt og fint. Samtidig får du òg tilgang til et smooth webgrensesnitt, der du kan behandle filene dine. I tillegg til fildeling, får du backup i ein fei! Legg du til ei fil i mappa på den eine datamaskinen, er det snakk om sekund før den er tilgjengelig på den andre.

Per i dag tilbys det 2GB lagring med gratisversjonen av Dropbox. Får du vennene dine til å bruke Dropbox, kan du maks få 3GB gratis. Bruk gjerne denne linken når du skal registrere deg.

Du kan bruke Dropbox til utrulig mykje. Bl.a webserver og fotogalleri. Tips og triks finner du i Dropbox-Wikien

For å demonstrere kor enkelt det heile er, har eg her tatt et par skjermbilder. Et fra PCen heime som kjører Windows 7, et av PCen på jobb som kjører Windows XP, og til slutt et av webgrensesnittet.

Windows 7

Windows XP

Webgrensesnitt

Til deling av dokumenter, små bilder og andre relativt små filer anbefales dette på det varmaste.

8 kommentarer

  1. FiDo says:

    Funke vel eksternt også dette..?

  2. Ole Martin says:

    Jepp! Var ikkje det sjølvforklarande då eg hadde ein test-pc heime og ein på jobb? :)

  3. yalla says:

    Og webgrensesnitt er jo ganske tilgjengelig over alt FiDo :)

    Funker som gull dette her. Har hatt det innstalert ei god stund no.. AVG klaga eingang over eindel ting den fann i dropbox-innstalasjonsmappa.. Men plutselig slutta den å klage, og alt har vert velstand :)

    Funker web-grensesnittet på mobilen tru? Det må eg teste!

  4. yalla says:

    Kan no legge til at det funka phett å laste opp og browse filene via mobilen.. Eg testa med Opera Mobile 10 beta.

    Denne er knipset og lastet opp med mobil:
    http://dl.dropbox.com/u/2929895/01122009340.jpg

  5. Texas says:

    Slettes ikkje dumt! ;) Håpe denne unngår IBM si oppmerksomhet på jobb-pc’en. Dei scanne stadig etter “unwanted programs”..

  6. Ole Martin says:

    @Texas: Takk for at du brukte linken. :) Fekk du også ekstra plass då?

  7. cOlav says:

    Har fått den innpå macbooken, ser bra ut. http://dl.dropbox.com/u/3457316/Bilde%201.png

  8. Ole Martin says:

    Herlig! Nå fekk eg 250MB til.. :)

Skriv kommentar