I helga starta serien både for damer og herrer. I år speler eg for Nyborg, og me reiste lørdag for å møte Førde i Førdehuset. Me gjorde ein god kamp og fekk pressa Førde så mykje at det resulterte i ein overbevisande 3-0-seier. Dette lover bra! Ellers slo Randaberg BK Tromsø 3-0 i ein kamp der oppmannen Jan Birger Kirkeli måtte steppe inn i midten! Du finn ellers alle andre resultater på poengliga.no og i serieoppsettet på cupassist.com..
Sist helg var me i Danmark og deltok i det årlige Elitestævnet i Middelfart. Me slo Middelfart 3-2 i finalen. På vei mot finalen slo me bl.a dei danske mesterane Marienlyst 3-0 i semifinalen. Etter kampen kom Mizuno bort med videokamera, og eg fekk lagt inn kampen på pcen min. På rekordtid surfa eg gjennom filmen og klippa ut et par ballvekslingar. Resultatet av det ser du under.








Bra videofiks.
CYYYYBORG! Virka solid og bra, såg jo du at du faktisk slo ned i 1 på den eine 3`meteren! Bomma du? :P
Flott film ja. Men trur fort nyborgblokka hadde fått store problemer med kombinasjonsspelet til Randaberg 2.
La merke til dei komboane under Vestcup. Såg kjekt ut! :)