Nokia 3120 Classic

Lagt til 21.05.2009. Arkivert under: Teknologi

Nokia 3120 Classic
På jakt etter ny telefon, eller kanskje ein ekstra? Nokia 3120 classic er rett og slett den perfekte billig-mobil. Var rimelig lei min HTC Touch Pro, og ville ha ein ekstra-telefon, eller helst ein ny. Den har egentlig (nesten) alt eg ser i ein mobiltelefon. Gode tastar, liten, lett, kjapp, god musikkspelar, greitt kamera og god lyd. Minuset er at du ikkje kan synkronisere med exchange, samtidig som kamera kanskje er litt 2008. Eg er iallfall evig nøgd. Den går høgt opp på lista blant mine beste telefonar.

Les testen av Nokia 3120 classic hjå amobil.no.

Telefon og mus Telefon og olihand Telefon på bord Telefon og markeringstusj Telefon og post

17. mai i Stavanger

Lagt til 18.05.2009. Arkivert under: Generelt

Folketoget

Reiste til Stavanger på fredag for å kombinere husmaling og 17.mai-feiring. Har budd i Stavanger i 5 år, men har faktisk aldri vært nede i byen på 17.mai. Nå som eg har flytta til Bergen, var vel tida inne for å testa det ut. Du finner alle bildene på Flickr. Under ser du ein video fra når me var på veg heim.

S. Darko: A Donnie Darko Tale

Lagt til 07.05.2009. Arkivert under: Film/TV

Åtte år etter at Donnie Darko kom ut, er det nå klart for ein slags oppfølgar. Donnie Darko er ein sjelden genial film, og er faktisk ein av dei filmane eg har sett flest gonger. Det er vel ei til å stikke kor som helst at eg var særs skeptisk til denne oppfølgaren.

Samantha Darko er lillesøstera til Donnie, og filmen S. Darko tar opp igjen handlinga sju år seinare, når Samantha er blitt 18 år. Du merker godt at regissøren prøver å lage ei slags lik greie som Richard Kelly gjorde i Donnie Darko. Litt usikker på om eg syns det var bra eller ikkje. Får tenke litt på det. Var uansett ein film eg måtte sjå. Det var ein del snaisne koblingar opp mot det som skjedde i Donnie Darko, så ein kan vel ikkje klage.