4

Måtte ty til ekspressbussen

Lagt til 18.02.2009. Arkivert under: Generelt

Kolumbus
I går måtte eg ty til kollektiv transport til jobb. Eg hadde ikkje sjans i havet til å komme opp bakken i Hopsnesveien med bilen. Etter grovt rekna fire forsøk der eg prøvde alle mulige gir-, farts- og turtallskombinasjonar, måtte eg gi opp.  Dårlige utnappa pigg-piggdekk er egentlig ikkje å anbefale på glatta. For å være heilt på sikre sida sjekka eg opp i reglane, og fekk følgande svar frå Vegvesenet

Er mønsterdybden over 3 mm kan du nytte desse som vinterhjul i perioden frå 1. nov. til andre søndag etter påske. Visse alle pigger er tatt ut kan desse nyttast saman på eit køyretøy, men ikkje i lag med f.eks. piggdekk på eine akselen. Har du pigg på eit hjul må du ha pigg på alle.

Trur eg stiller meg litt skeptisk til at det der lovlig. Slepp i alle fall piggdekkavgift! Men da var det ekstra tøft at eg observerte et busstopp, og det bare et slarve venstrehands steinkast vekke. Jubel! Det viste seg at det gjekk ekspressbuss direkte til Birkelandskrysset. Det var følgeleg til Birkelandskrysset eg skulle. Kollektivfelt tut og kjør. Etter ca 15 minutt på bussen var eg framme. Tilsvarande tur med bil i anti-kollektivfelt ville nok fort tatt 45min.


Måtte parkere bilen midt i bakken. Dette er når eg kom heim frå jobb og mesteparten av snøen har regna vekk. Me bur forresten i det der vakre bygget i venstre billedkant.


Vectraen stod godt her.


Piggdekk uten piggar. Stiligt!

Så moralen er vel kanskje at det faktisk er mulig å ta bussen? Eller?

4 kommentarer

  1. cOlav says:

    Herlig.

  2. Svandal says:

    Eit slarve venstrehands steinskast vekke.
    Dagens =)

  3. Arne says:

    Tips: Dekkvask som du kjøper på shell o.l er uhyre effektivt!!! Og hvis det ikkje hjelper… Rygg opp!! (stod ingenting om at du hadde prøvd det..) :)

  4. Ole Martin says:

    Prøvde å rygge opp :) Men uten suksess.. Bussen var tidsbesparande, så like greitt :)

Skriv kommentar